Sogndal: SIMAS i Sogndal trur dei kan tene pengar på bos. Så sterk er trua at dei vil investere 150 millionar kroner i eit anlegg dei førebels ikkje vil seie noko om.
Anna enn at målet er å omgjere restavfall og trevirke til mat og varme.

– Me skal handtera avfallet som ein ressurs og me skal gjera det i Sogn. Me har konkrete planar om å få til i alle fall tredve arbeidsplassar i løpet av tre-fire år, seier direktør i SIMAS, Hallvard Thomassen.
Les også: Mobil-app skal varsle om bostøming
Held korta tett
Frykta er at andre skal plukke opp konseptet.
– Me har lyst til å halda det for oss sjølve til me har bygd anlegget og er i gong. Det er sopass spennande. Teknologien me skal bruka er, slik me veit, ikkje blitt brukt før i Europa. Så eg har ikkje lyst til å seie så mykje meir om akkurat det, seier Thomassen.
Storsatsinga kjem på toppen av fleire mindre prosjekt dei har gåande. Felles for dei alle er ønskjet om å tene pengar på boset.
Det er ikkje lenge sidan me skreiv om eit nytt kompostprodukt SIMAS hadde fått over tre millionar til å utvikle, eit produkt som skal brukast i dyrkinga av frukt- og bær.
Dei har òg brukt 30 millionar kroner på eit anlegg som pakkar restavfallet inn i såkalla energibrikker. Det skal gjere at avfallet både brenn betre og vert lettare å transportere.

Sender bos ut av landet
I dag sender renovasjonsselskapet tonnevis med restavfall til brenning til anlegg i både Sverige og Norge. Ikkje berre vert det til gratis energi og arbeidsplassar andre stader, dei får millionar av kroner med på kjøpet.
Heile 6,5 millionar kostar det å bli kvitt restavfallet kvart år.
– Det må vi prøve å utnytte lokalt her i regionen vår, i staden for at det skapar jobbar andre plassar, seier Thomassen.
Men korleis dei har tenkt å greie det, det er altså førebels hemmeleg.