SATSAR I LÆRDAL: Byggmakker Andersen har kjøpt Lerum sine fabrikklokale på Lærdalsøyri for fire millionar. – Me har bruk for større lokale til butikken vår i Lærdal, seier Helge Andsersen, dagleg leiar i Byggmakker Andersen. Foto: arkiv.

Satsar femten millionar på ny butikk i gamal Lerum-fabrikk

– Me håper det skal bli eit løft for Lærdal som handelsplass, seier Kjell Andersen, dagleg leiar i Byggmakker Andersen.

Lærdal: Sjølve butikken blir tre gongar større enn den som er i Lærdal i dag. Heile anlegget blir på 1800 kvadratmeter. 

– Me har bruk for større lokale til butikken vår i Lærdal. Det er difor me har gjort det. Samstundes ligg den veldig sentralt og fint til. Sal me ha utvikling i Lærdal må vi ha betre lokalitetar, seier Andersen.

Les også: Byggmakker Andersen vann nasjonal kåring

Lerum ønskjer å samle all produksjonen på Kaupanger. For eit par månader sidan la dei fram planane om å flytte syltetøyproduksjonen frå Sogndal. No sel dei altså eitt av tre fabrikkbygg i Lærdal, noko dei får fire millionar for.

I tillegg vil Byggmakker Andersen bruke elleve millionar på å sette butikken i stand.

– Så totalt blir det femten millionar, konstanterer den daglege leiaren.

– Me er heilt avhengige av å få ei omsetningsauke for å få butikk av det. Det har me tru på at me skal klare, seier han.

Til toppen