SATSAR: Torunn Laberg og Lars-Kristian Fauske starta Bulder og Brak Opplevingar i 2016. No var det på tide å satsa tykte ho, og valde å gå inn i heil stilling i selskapet.
SATSAR: Torunn Laberg og Lars-Kristian Fauske starta Bulder og Brak Opplevingar i 2016. No var det på tide å satsa tykte ho, og valde å gå inn i heil stilling i selskapet. (Foto: Arkiv)

Satsar for fullt på Bulder og Brak: – Næringslivet i Årdal må tora å satsa

Sidan oppstart av selskapet som tilbyr naturbaserte opplevingar har Torunn Todal Laberg kombinert drift med anna jobb som marknadssjef for fleire reiselivsverksemder i Årdal. No meiner ho det er på høg tid å satsa for fullt på eiga bedrift.

Årdal:Todal Laberg og ektemannen Lars-Kristian Fauske har drive Bulder og Brak Opplevingar sidan 2016. Todal Laberg har samstundes jobba som marknadssjef for Vettisriket, som er eit nettverk av fleire reiselivsverksemder i Årdal.

No har ho vald å gå inn som dagleg leiar for Bulder & Brak Opplevingar. Ifølgje Todal Laberg er tida inne for å satsa.

– Eg har trekt meg ut av fast arbeid for å satsa på Bulder og Brak Opplevingar for fullt. Lars-Kristian og eg har kome fram til at det er no me må satsa på dette, for det er no ting verkeleg har byrja å røra på seg i Årdal, seier ho.

Todal Laberg: – No er tida inne for å utvikla reiselivet

Todal Laberg har jobba med mange reiselivsbedrifter i Årdal, og seier det har vore ein krevjande jobb å balansera det saman med hennar eige selskap.

– Det har vore ein jobb som har krevd veldig mykje tid, og eg har eigentleg hatt to jobbar dei siste åra. Det kom til eit punkt der eg måtte velja. På eit eller anna tidspunkt må du velja å satsa, seier ho.

Ved sidan av satsinga skal ho inngå eit engasjement som marknadskonsulent for Skald forlag på Leikanger, samt eit forprosjekt for Visit Sognefjord denne vinteren, slik at ho ikkje står heilt på bar bakke utan inntekt.

Vil tilby vinteropplevingar

Den gode sommarsesongen som var i år, er mykje av grunnen til at dei valde å satsa no.

– I år opplevde me i Bulder og Brak Opplevingar, som mange andre bedrifter i Årdal, ein auke i trafikken i sommarsesongen i reiselivsnæringa. Det gjorde at me vart tryggare på at det er ein marknad som er i vekst her. Utfordringa vår i det vidare er å finna ei heilårsdrift, og som ein start tilbyr me også naturopplevingar om vinteren, både padling og guida trugeturar står på programmet.

– Vinterpadling er heilt spesielt. Lyset på fjorden i januar er fantastisk.

Saka held fram under biletet.

POPULÆRT: Torunn Todal Laberg og Lars-Kristian Fauske held padlekurs, som har blitt populære blant familiar. Foto: Arkiv.

Turistar kjem til stengde dører

Ho oppmodar alle aktørane i Årdal, både innafor handel og reiseliv, om å utnytta oppturen i turismen til å skapa arbeidsplassar og eit meir heilheitleg tilbod i Årdal.

– Det har vore mange turistar her i sommar som har kome til stengde butikkdører på kveldstid. Det har også køyrt mange bilar over Tindevegen og rett gjennom sentrum utan å stoppa, fordi det ikkje er aktivitetar eller opne butikkar der utpå ettermiddagen, seier Todal Laberg.

– Her ligg det eit unytta potensiale for å skapa nye arbeidsplassar. Årdal har eigentleg alt som trengst for å utvikla seg innan reiseliv. Så alle aktørar bør bli motiverte av den utviklinga me har sett i Utladalen og elles i bygdi i sommar, og ta litt sats, sler ho fast.

– Fleire reisande søkjer naturopplevingar

Under sommarsesongen beit Todal Laberg seg merke i ein auke i ein ny marknad.

– Individuelle reisande frå land som Belgia, Nederland, Austerrike, Tyskland og USA reiser rundt og ønskjer å ta del i opplevingar i naturen. Dei kjem til Årdal og opplever ein plass som er litt utanfor dei store turistdestinasjonane, og det gjer at dei stortrivst her, seier ho.

Ho seier at naturen i Årdal er spektakulær og gjer eit stort inntrykk, noko dei vil leggja til rette for.

– Me tek folk med ut på tur og viser dei Årdal sine skattar, blant anna Utladalen, Årdalsvatnet og Årdalsfjorden.

– Har de sett ei auke når det gjeld padling?

– Me har hatt ei fin auke i guide padleturar i år, og spesielt mange familiar melde seg på familieturen vår.  Det er tydeleg at når ein reiser rundt med ungane sine, så ønskjer foreldra at dei òg skal få fine naturopplevingar.

Til toppen