NYE EIGARAR: Odd Tore Moen og Vibe har fått nye eigarar i haust etter å ha blitt kjøpt opp av det danske selskapet Alliance+. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
NYE EIGARAR: Odd Tore Moen og Vibe har fått nye eigarar i haust etter å ha blitt kjøpt opp av det danske selskapet Alliance+. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Satsar grønt under nytt namn

Berre i Årdal har Vibe reingjeringsservice 37 tilsette. No har desse fått danske eigarar. 

Årdal: I haust vart nemleg selskapet kjøpt opp av danske Alliance+ etter ein to år lang prosess som vart starta då eigarane av Vibe bestemte seg for ikkje å halde fram familietradisjonen. 

– Det har tatt to år fordi ein har vore på jakt etter den rette eigaren som kan ta over i same form som Vibe var. Det var mange interesserte, og desse vart vel mest ute etter prosjekta og ikkje dei tilsette. Det var dei gamle eigarane imot, fortel Odd Tore Moen, som er avdelingsleiar med kontor i Årdal.

Så dukka det opp ein utanlandsk interessent, som dei jobba mykje med. Alliance+ driv allereie i Sverige, og ved å kjøpe opp Vibe, den fjerde største verksemda på reinhaldsservice i Noreg, var dei også inne på den norske marknaden. 

Ein «sterk» eigar

Moen fortel at det danske selskapet har planar om å satse friskt i Noreg. Dei sit med same oppfatninga som dei gamle eigarane, og slik sett har eigarskiftet ikkje bydd på store endringar for dei tilsette i Årdal. 

– For oss som er i dette selskapet er det heilt klart ein styrke at me får inn nye eigarar med økonomiske musklar og den porteføljen me ønskjer innan reinhald, kantinedrift, eigedomsservice, vaskeri og «engros», seier Moen.

Det er ikkje berre bedrifter som er kundar hjå Alliance+. Moen fortel at det er stadig fleire private som etterspør heimehjelp og helgevask. Dei hjelper til dømes eldre med å handle. 

Artikkelen held fram under biletet.

SAME PROFIL: Eigarane av Vibe var opptekne av at profilen skulle vera den same  for dei nye eigarane, og i Årdal har dei merka lite til eigarskiftet.
SAME PROFIL: Eigarane av Vibe var opptekne av at profilen skulle vera den same  for dei nye eigarane, og i Årdal har dei merka lite til eigarskiftet.

Tenkjer på alt

Men litt forandring har det blitt, legg Adriana Rojas Luis Perez  til. Ho seier at det er blitt ein større kontroll å selskapet, noko som gjer «fisken litt strammare», som Moen kallar det.

– Dette er med omsyn til kvalitet, og dette ser eg på som berre positivt overfor kundane våre. Oppfølgjing og større kunderelasjonar er noko som vil få mykje merksemd frå oss. 

Her er alt på plass, alt frå sikker jobbanalyse, dei rette kleda, tryggleiksklareringar og fri vandel hjå personar dei rekrutterer. Dessutan satsar dei hardt på å vere ei grøn og miljøvenleg bedrift. 

Multikulturelt

Med 37 tilsette berre i Årdal, er dette ein av dei større arbeidsplassane i kommunen, og verksemda har flust med nasjonalitetar. 

– Det fungerer fint. Av og til er det litt utfordringar på språk, men me prøver å få folk til lære norsk eller gå på norskkurs, slik at det ikkje blir misforståingar. Dette gjeld spesielt tryggleik, slik at dei forstår kva som er farleg og kva som kan vere faremoment, seier Perez.

Artikkelen held fram under biletet.

REKRUTTERING: Alliance+ driv blant anna Digla på Hydro, og ein auke i oppdrag har ført til eit behov for fleire tilsette i haust.
REKRUTTERING: Alliance+ driv blant anna Digla på Hydro, og ein auke i oppdrag har ført til eit behov for fleire tilsette i haust.

I haust har det også vore rekruttering til bedrifta på grunn av fleire oppdrag. Blant anna driftar dei kantinene på Hydro.

– Det har vore ei fin utvikling med jamn stigning i arbeidsmengde. Kantinene har ført til at me treng meir folk. Generelt er det ei bedrift med lite gjennomtrekk i, seier Moen. 

Han fortel at dei også har personell som er godt over gjennomsnittet utdanna innan yrket med både ingeniørar, tannpleiarar og lærarar mellom dei tilsette.

Eit fag

Reinhald er definitivt eit fag. Det er til dømes ulike fargar på klutar til ulik bruk. 

– Og så er det litt ergonomisk med korleis du skal stilla moppeskaftet slik at ein ikkje får vondt i ryggen og armar. Slik tek me best vare på dei tilsette og hindrar at dei blir sjuke, seier Perez. 

– Me har reinhaldskontrollar av dei tilsette med vernerundar og sjekk av bøttekott, slik at dei er etter krava og så vidare. Produkta skal vera miljøgodkjende og reine, og dette er ting me strekker oss etter på nyåret, legg Moen til. 

Til toppen