VENTAR PÅ ANBOD: Politikarane og innbyggjarane i Årdal ventar i spenning på kor mykje helsehuset kjem til å kosta. Foto: Jonny Asperheim.
VENTAR PÅ ANBOD: Politikarane og innbyggjarane i Årdal ventar i spenning på kor mykje helsehuset kjem til å kosta. Foto: Jonny Asperheim.

Satsar på å ha anbodet på helsehuset klart torsdag

Måndag går anbodsfristen på helsehuset i Årdal ut. I laupet av nokre dagar satsar ein på å gjera anbodet offentleg.

Helsehusprosjektet går ei spennande veka i møte. Måndag går fristen for anboda ut, og i laupet av få dagar vil ein få svar på kor mykje dette vil kosta.

Med eit budsjett på 10,5 millionar kroner, blir det spennande å sjå prislappen etter at eit arkitektbyrå har samla trådane og sett opp prisar på kva prosjektet vil kosta.

Dette vil ta nokre dagar, og ein håpar å ha svaret klart torsdag. 

– Då får me ei tilbakemelding så fort som mogleg, og då veit me kva dette kjem til å kosta, seier rådmann i Årdal kommune Frank Westad til Porten.no.

Prisen vil ha mykje å seia for om prosjektet blir ein realitet. Ein allereie hardt økonomisk prøva kommune, har ikkje råd til å gå for mykje over det som er budsjett. 

– Anten så ligg det på det nivået me har stipulert eller så gjer det ikkje det, og ligg det over, så må me gå tilbake til kommunestyret, held Westad fram. 

Til toppen