Sogndal: – Arbeidet med å reparere Fjærlandstunnelen etter brannen er i full gang. Går ting slik me håper, blir det styrt trafikkavvikling gjennom tunnelen frå måndag, seier avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen i ei pressemelding.
Reparasjonsarbeida er i full gang etter brannen i Fjærlandstunnelen. I tunnelen føregår det no fjellreinsk med spett og gravemaskin, og ein er i gang med å demontere øydelagt sikringsnett i taket. Spylebilar skal snart inn, slik at det blir vask av tunnelen parallelt med fjellsikringa.
Les også: Dette er status for dei røykskadde etter at denne feiebilen byrja å brenna
Les også: Her er arbeidet med å reparere tunnelen i gang
Opptil tre timars ventetid
Men sjølv om ein kan koma gjennom tunnelen frå måndag av, bør ein taima det noko lunde:
– Då kan det bli opptil tre timars ventetid og me vil sleppe kolonne gjennom til oppsette tider. Dette kjem me tilbake med meir info om mot slutten av veka
Fjærlandstunnelen har i dag ikkje DAB eller naudnett. Det vart juni i fjor vedteke at slikt utstyr skal installerast i tunnelen, når den står for tur for oppgradering i 2020-21, går det fram av pressemeldinga.
Vegvesenet opplyser at dei kjem tilbake med meir nøyaktig informasjon om styrt trafikkavvikling så snart det er bestemt når det blir innført.