Årdal: Brøytinga av den spektakulære vegen mellom Turtagrø og Øvre Årdal starta 19. april. Planen er å vere ferdig med snøryddinga til onsdag 3. mai i neste veke.
– Framdrifta vil avgjere korvidt me greier det, men når ein ser på snøforholda, så skal me ha ganske bra kontroll, seier Frank Eldegard.
Neste helg er det High Camp på Turtagrø, og det er vanleg at Tindevegen vert opna til dess. Samstundes skal også Sognefjellet bli opna den same veka.
Artikkelen held fram under biletet.

– Me plar opne på omtrent same tidspunkt som Sognefjellet.
Eldegard fortel at snømengda varierer frå punkt til punkt på ruta, men at det garantert vil vere høgde skavlar å sjå i år også.
– Det har ikkje vore det året med mest snø, men det er ganske mykje på nokre punkt, så det blir spektakulært å køyra vegen så tidleg i sesongen i år også. Det er jo noko folk gjerne er litt opptekne av.
Artikkelen held fram under biletet.

- Les også: Rekordstor trafikk på Tindevegen
Tindevegen sette ny rekord i fjor med rundt 40 000 passeringar, og det er venta at tal reisande vil veksa i takt med Årdal si satsing på reiselivet.