Satsar på å verta ferdig med asfalteringa neste veka

Men det er gode nyhende for dei som ferdast på vegen mellom Øvre Årdal og Årsdalstangen også.

Dei som ferdast på riksveg 53 mellom Øvre Årdal og Årdalstangen må smørja seg med tolmod i nokre dagar til før asfalteringsjobben er unnagjort.

Det opplyser Arne Magnar Hauglund i Statens vegvesen til Porten.no. 

Dei siste vekene har det vore mykje arbeid med både tunell og veg på strekninga mellom Øvre Årdal og Årdalstangen. Den siste halvanna veka har det blitt lagt ny asfalt – ein jobb dei satsar på ferdast 9. oktober.

– Me reknar med å bli ferdige neste torsdag, seier Hauglund.

Han seier trafikantane må smørja seg med tolmod enda litt lenger før dei slepp å venta. Ventetida er no på opptil 30 minuttar.

– Det er to tunellar me skal gjennom, og då har me ikkje lov til å samla opp bilane i tunellane. Det er det som gjer at det er litt lenger stopp enn normalt.

Lenger strekning enn planlagt

Ventetida er det verdt for etterpå kan årdøler og andre som brukar vegen ferdast trygt på ny asfalt, som faktisk vart lenger enn det som først var planlagt.

– Det har drege ut i tid, men me har fått ekstra midlar frå fylkeskommunen, og det gjorde at me kunne meir enn dobla den planlagde strekninga. 

– Difor legg me no ny asfalt frå Vassbugen og litt forbi bosbrenneriet. Det er omtrent åtte kilometer.

Det er òg verdt å få med seg at arbeidarane tek fri laurdag, søndag og måndag før dei startar opp att arbeidet tysdag og etter planen avsluttar det torsdag neste veka.

Til toppen