SATSAR PÅ ÅRDAL: Kristoffer Nystedt vil satsa på Årdal med eit eventselskap og har store ambisjonar. Foto: Privat.
SATSAR PÅ ÅRDAL: Kristoffer Nystedt vil satsa på Årdal med eit eventselskap og har store ambisjonar. Foto: Privat.

Satsar på Årdal med eventselskap

Kristoffer Nystedt har store ambisjonar for Årdal og Utladalen.

  • Endret

Etter eit vellukka rebusløp og feiring av ein bra sesong med stor pågang på Utladalen Camping har Kristoffer Nystedt planar om fleire arrangement og har store ambisjonar for både Årdal og Utladalen framover.

Rebusløpet har gitt meirsmak til den nye eigaren som håper på at det kjem til å bli ein årleg tradisjon i bygda.

– Eg er veldig nøgd, det har vore fullbooka heile sumaren, seier Kristoffer.

Servicen på campingen berer eit personleg preg der Kristoffer sjølv tek med gjestane på guida turar der han viser fram det beste av natur Årdal har å by på.

Han har òg gitt beskjed til dei besøkjande om at vist det er noko med opplegget som ikkje fell i smak, skal dei få pengane refundert. Dette har då altså ikkje vert tilfelle. Gjestene har vert storfornøgde og det er fleire utenlandske gjestar som har anbefalt Kristoffer og campingen på sine heimesidar. 

Ikkje berre camping

– Eg har ikkje teken over kun for å driva camping. Derfor blir det også eit eventselskap som kjem til å bli basere seg på naturopplevingar i Årdal, forklarar Kristoffer.

– Me har lyst til å bu her, men for å få det her til å bli ein heilårsbutikk har me gjort det til eit eventselskap, fortsetter Kristoffer.

Eventselskapet kjem til å by på aktivitetar som mountain bike, toppturar, klatring og meir. Og på vinteren har Kristoffer planlagt blant anna isfosseklatring, tindeklatring og randonering.

Markedsføring på sosiale medium

Markedsføring og reklame av campingen og eventselskapet har vore viktig, og der meinar Kristoffer sosiale mediar er ein viktig plattform. Ein ny heimeside er på veg, men øvst av alt meinar han at det er naturen sjølv som står for reklamen.

Kristoffer har sjølv jobba i forretningslivet og ynskjer å skapa eit selskap som gir morsomme og sosiale opplevelsar for folk.

– Ein kan ikkje ha det moro aleine, så me må ha det moro med folk, smilar Kristoffer.

Til toppen