JORDBÆRSATSING: Til våren skal tre produsentar i Lærdal dyrke fram jordbær frå Nederland. Foto: akriv.
JORDBÆRSATSING: Til våren skal tre produsentar i Lærdal dyrke fram jordbær frå Nederland. Foto: akriv.

Satsar på jordbærplanter frå Nederland

Tre produsentar frå Lærdal skal i år testa ut jordbæravlingar.
 

LÆRDAL: Årets sommar kan bli ekstra søt. Tre produsentar i Lærdal har nemleg sagt seg villige til å plante ferdige jordbærplanter frå Nederland til våren.

Dei siste åra har vintrane i bygda vore prega av minusgrader og lite snø. Dette medfører vanskelege forhold for å dyrka fram jordbær.

For omlag ti år sidan dyrka fleire av bøndene i Lærdal jordbær. I dag er det berre to produsentar igjen.

Denne dårlege trenden ønskjer Lærdal Grønt no å snu.

Importerer ferdige planter

Til våren skal tre prosentar i Lærdal setje importerte jordbærplanter frå Nederland i jorda.

- Vinteren har vore ekstra kald og tørr dei siste åra. Difor har vi no valt å satse på eingongsplanter som vi set i jorda til våren, haustar om sommaren og fjernar igjen til hausten, seier Harald Blaaflat Mundal, dagleg leiar for Lærdal Grønt.

Kvar sommar er det ein stor etterspurnad etter jordbær på Vestlandet. Det kan virke som vestlendingar ikkje får nok av det søte, raude bæret. Mykje lys og lite varme gjer at jordbæra som vert produsert i Norge får ein spesiell, søt smak.

- Sjølv om plantene kjem frå Nederland, vil sjølve bæret veksa fram i Norge og få dei soltilhøva og den sakte veksten som gjer at bæra i Norge får god smak, forsikrar Mundal.  

Populært bær

Spesielt prisane på norskproduserte bær stig til himmels då dei fyrste jordbæra kjem på marknaden. No ønskjer Lærdal igjen å koma seg inn på den populære jordbærfronten.

Det har vore ein del jordbærprodusentar i Lærdal før, men no er det berre to igjen. Difor ønskjer vi å testa ut denne metoden. Det er fyrst og fremst snakk om ein prøveproduksjon på 10-15 tonn, seier Mundal.

Den nye satsinga kjem ikkje til å gå utover andre avlingar, konstatera den daglege leiaren.

Vi har nok av grasmarker i Lærdal, så vi treng ikkje redusera noko anna enn gras, seier han.

Aprikosen sprakk

Ein av dei mest spennande satsingane på frukt og grønt fronten i Lærdal har vore produksjon av aprikosar. Vanlegvis må ein mykje lenger sør i verda for å dyrke fram den søte frukta.

Produsentane i Lærdal meinte likevell at dalen med dei høge fjella kunne vera ein ypparleg plass for å dyrke fram den eksotiske frukta.

Les også: Det blir ikkje eitt topp morelleår

I fjor sprakk derimot håpet om å dyrka fram dei fyrste kiloane med aprikos.

- Vi prøvde å få fram nokre kilo aprikos i fjor, men dei sprakk diverre. Men vi skal prøve igjen i år, seier Mundal.

Til toppen