Gulen: Kommunestyret handsama saka om ny barnehageløysing på Byrknesøy torsdag. Administrasjonen hadde tilrådd å gå vidare med anbodsprosessen for å kunne kjøpe ein nøkkelferdig barnehage.

Satsar på nøkkelferdig barnehage
Politikarane i Gulen er samde med kommunedirektøren om at det beste vil vere å kjøpe ein nøkkelferdig barnehage på Byrknesøy. Stein-Inge Larsen (uavhengig) fekk ikkje gehør for at han meiner det vil vere ei dyrare og dårlegare løysing.