JULEMARKNAD: Sissel Seim og Ingunn Skjelbreidalen og resten av Seimsdal ungdomslag inviterer til julemarknad for første gong komande laurdag. Foto: Privat. 
JULEMARKNAD: Sissel Seim og Ingunn Skjelbreidalen og resten av Seimsdal ungdomslag inviterer til julemarknad for første gong komande laurdag. Foto: Privat.  (Foto: Privat)

Satsar på ny suksess med julemarknad i Seimsdalen

I fjor var første gongen dei arrangerte. Då kom det fleire hundre innom.

Seimsdal: – Det var kjempesuksess i fjor, så difor held me fram, seier Ingunn Skjelbreidalen, som sit i styret for ungdomslaget.

Det er litt tidleg å snakka om ein tradisjon etter to gongar, men arrangørane håpar det kan bli det på sikt.

– Me har ikkje bestemt oss enno, men me håpar det, seier Skjeldbreidalen.

Opplegget blir det mykje det same som i fjor. Det vil seia lokale utstillarar, god mat og hyggjeleg stemning.

Det blir rakfisk frå Valdres, spekemat frå Hemsedal, Mariell Øyre kjem frå Lærdal med Årdalsfjøli, årdalskunstnar Elin B. Eknes skal selja bileta sine, Sigrid Bjørkum skal selja postarar og kort frå Vikadalen, medan Joar Søhoel vil varta opp med marknadsburger. Og då har me berre nemnd det som er nytt av året.

– Vi gler oss masse og skal rydda, pynta og gjera klart til å ta i mot masse folk. Me håper det kjem minst like mange som i fjor, seier Skjelbreidalen. 

Til toppen