NY SALONG: Kitija Ievina opnar salongen Kremkroken på kjøpesenteret i Gaupne.
NY SALONG: Kitija Ievina opnar salongen Kremkroken på kjøpesenteret i Gaupne.

Satsar på skjønnheit og velvære i hjarta av kommunen: – Viktig at Gaupne har eit tilbod

Kitija Ievina (24) kom til Noreg frå Latvia då ho var 18 år og sidan har ho tilegna seg mest mogleg kunnskap om skjønnheit for å dela med andre i kommunen.

Luster: På torsdag opnar ho den nye salongen sin Kremkroken på Pyramiden Senter i Gaupne. 

– Det blir eit stort lokale med to behandlingsrom. Folk kan koma å få tips, hjelp, behandling og kjøpa produkt hjå meg. 

Jobba tidlegare i Sogndal

Tidlegare jobba ho på Lux House sin salong i Sogndal men no satsar ho fullt og heilt på eigen salong. 

– Gaupne var den fyrste staden eg og kjærasten min budde så det har liksom ein ekstra plass i hjarta mitt. Dessutan er det viktig at Gaupne får har eit tilbod òg. 

Ho er oppteken av at folk skal ha sjansen til å handla lokalt. 

– Eg har avtale med ein leverandør om at prisen folk handlar for er litt under marknadspris. Dette er for at folk skal ha sjansen til å kjøpa her og ikkje vera avhengige av nettbutikk. Dei treng i tillegg ikkje reisa langt for å få tak i desse produkta når eg sel dei her, seier ho.

Skal vera eit tilbod for alle

Den nye salongen tilbyr det meste innan skjønnheit og velvære, noko ho sjølv tykkjer er viktig. 

– Eg tilbyr alt frå vippebøy, brynbehandling, permanent sminke, ansiktsbehandling, og voksing, i tillegg til at folk kan handla ulik sminke og kosmetikk her. I Gaupne kan eg ikkje tilby berre ein eller to ting for her må det vera full pakke. Eg skal ha ei dame tilsett som hjelper meg i salongen. Ho er svært dyktig og eg er glad for å ha ho med på laget. 

Det nye namnet Kremkroken tykkjer ho passar godt til salongen dei lokale no kan bryne seg i. 

– Salongen trengde eit eige namn og Kremkroken tykkjer eg er eit søtt og venleg namn. Eg jobbar jo mykje med kremar så sånn sett passar det òg godt. Om ei stund håpar eg å ha nettbutikk i drift og då spelar namnet ei stor rolle. Så langt ser det ut til at alle hugsar namnet og då betyr det jo at det er fengande, seier Ievina. 

Vil læra seg mest mogleg

Ievina har alltid vore oppteken av å lære masse så ho kan tilby mest mogleg til kundane sine.

STÅR PÅ: Her jobbar snekkarane på spreng for at alt skal verta klart til ny salong. Foto: Linda Watten

– Eg er frisør, driv med massasje, ordnar negler, og har fleire kurs innan kosmetikk og velvære. Eg føler meg aldri ferdig med å læra meir og medan nokon har som hobby å gå på ski så er min hobby å tilegna meg meir kunnskap, seier ho. 

No ser ho framover og håpar på godt samarbeid med dei andre som held til på senteret i Gaupne. 

– Det er viktig at i staden for å konkurrera med kvarandre så samarbeidar me. Om eg vil ha kundekveld så er det viktig for meg at dei andre butikkane kan bidra til kundekvelden med sine produkt og tenester, for samarbeid er fint med så mange gode tilbod her. Det er det viktigaste no. 

Til toppen