Lærdal: – Her er det snakk om ei total renovering. Alt blir nytt, fortel Ansgar Brugrand, butikksjef hjå Joker Ljøsne.
Han tok over nærbutikken på Ljøsne i januar 2000. I 2006 vart den ein del av Joker sitt konsept.

– Det byrjar å bli ein del år sidan. Sidan starten er det gjort fint lite med lokalet, difor er det no både naturleg og nødvendig å ta grep. Ein må fornye seg , seier butikksjefen.
Med eit budsjett på to millionar kroner er han klar for å gje butikken eit skikkeleg løft. Frysediskar, reolar og alt gamalt inventar skal skrotast, for å bli erstatta med nytt.
Ombygginga vil óg gje eit betre inneklima.
– Heilt klart, både med omsyn til temperatur, og ikkje minst støy. Duren av dei gamle diskane merkast godt når den har surra i øyrene ein heil arbeidsdag, seier Brugrand.
- Les også: Ny skytebane i Lærdal skapar strid: – Me har ikkje noko anna val
- Les også: Fleire hundre var med då Storehaugen Opp feira 10-årsjubileum
Opnar 1. juni
Butikken vert stengt for å pakka ned varer, rive gamalt inventar, og plassere nytt utstyr på plass.
– Det er mykje arbeid som skal gjerast på relativt kort tid, så det blir heilt klart hektisk. Men eg får god hjelp, mellom anna av nokre skulelevar, så eg trur det skal gå bra, seier Brugrand.
I samband med ombygginga held butikken stengt frå og med tysdag 22.mai, og opnar i starten av juni. Då ynskjer Brugrand gamle og nye kundar velkomne til det han skildrar som ein oppgradert, topp moderne butikk på Ljøsne.
Godt besøk
Omsetnaden for Joker Ljøsne har så langt vore grei, spesielt om sommaren, då mange turistar er innom og handlar.
– Sommartrafikken betyr mykje for resultatet samla sett. Det er stor skilnad på januar og juli, seier Brugrand. Målet er at nye tidsretta butikklokale vil gje fleire kundar, og dermed meir pengar i kassa.
– I alle fall blir det spennande og kjekt med ein oppgradert butikk, ikkje berre for kundane, men og for oss tilsette, seier butikksjefen.