OPNAR: Hausten på Lærdal kulturhus opnar med konsert av Gisle Børge Styve Trio. Foto: Tor Lindseth
OPNAR: Hausten på Lærdal kulturhus opnar med konsert av Gisle Børge Styve Trio. Foto: Tor Lindseth

Satsar stort på konserthausten

Lærdal kulturhus satsar på å blåsa liv i kulturhuset med fleire konsertar utover hausten. Alt til helga er det duka for to heilaftnar, der du kan sleppe ned skuldrene og berre kose deg.

Lærdal: Først ut på fredag er Gisle Børge Styve Trio før trioen Amigo Tom med velkjende gitartisten Tom Lund går på scena laurdag. Alt neste torsdag er det Erlend Apneseth Trio sin tur. 

Vil gi deg ein heilaftan

SATSAR PÅ KULTUR: Magne Grøttebø, kulturleiar i Lærdal kommune.
Foto: Ina Eirin Eliassen

– Dette gjer me fordi me vil skapa liv i kulturhuset utover hausten. Sjølv om diskusjonane går på at det står tomt, går det som det susar i kultursalen. Der har me flest arrangement i Indre Sogn. Publikum er flinke til å nytte kinoen og me har kring tre arrangement i veka, seier Magne Grøttebø, kulturleiar i Lærdal kommune. 

I tillegg samarbeidar dei meg Laksen Kafé, som vil halde opent slik at ein kan eta god mat og i tillegg kunne ta med seg eit glas øl eller vin inn i på konsertane. 

– Me vil senka skuldrene for bruken av huset, slik at bygdafolket blir meir glad i å nytta tilbodet, forklarar Grøttebø. 

FØRSTE KONSERT: Gisle Børge Styve Trio startar konserthausten i Lærdal kulturhus. 
FØRSTE KONSERT: Gisle Børge Styve Trio startar konserthausten i Lærdal kulturhus. 

Leikent, vakkert og groovy

Gisle Børge Trio har farta land og strand rundt sidan 1998. Musikken blir omtala som rein terapi, der trioen gjennom leiken musikk og verbale innspel skapar god stemning og får publikum til å både le og grine.

Dei er plateaktuelle med "Here right now", som inneheld både orginalkomposisjonar av Gisle Børge Styve, i tillegg til coverlåtar frå mellom anna Paul McCartney, Nick Drake, Ian Hunter, Paul Simon, Salem al Fakir og Rolling Stones.

Gisle Børge Styves vokal og leikne piano står i sentrum, med Per Willy Aaserud på trompet og Helge Harstad på bass. Dei blandar også inn korsong, vinglas, klokkespel, perkusjon, fiolinar og ukulele. 

Kjærleik til den brasilianske musikken

Trioen Amigo Tom, som består av Tom S. Lund på gitar, Tor Yttredal på fløyte og saksofonar, og med vokal av Eva Bjerga Haugen vil ta deg med på ei reise i lengsel og undertrykt lidenskap. 

Artikkelen held fram under biletet

VARMANDE: Tom S. Lund (f.v), Eva Bjerga Haugen og Tor Yttredal i trioen Amigo Tom.
VARMANDE: Tom S. Lund (f.v), Eva Bjerga Haugen og Tor Yttredal i trioen Amigo Tom.

Dei spelte i lag for første gong i 2010, og opplevde musikalsk kjærleik og venskap frå første tone. Her blir det eit djupdykk i brasiliaske songskattar, men med låtar som også er kjend for det europeiske publikumet. Låtane er handplukka av Lund, kverna gjennom gitaren og skreddersydd til trioen. Dei slepp si første plate i løpet av hausten. 

– Dette trur eg blir ein knallkonsert. Tom Lund er ein av dei beste gitaristane i landet. Dette blir ei kjærleiksreise i den brasilianske musikken, fortel Grøttebø. 

Moderne folkemusikk

Folkemusikaren og jølstringen Erlend Apneseth, har etablert eit meir moderne uttrykk og søker seg mot improvisasjon og samtidsmusikk med utgangspunkt i hardingfele og folkemusikken. Det har ført til fleire musikalske samarbeid.

Artikkelen held fram under biletet

SAMARBEID: Erlend Apneseth Trio består av Erlend Apneseth (f.v), Stephan Meidell og Øyvind-Hegg Lunde. Det kjem med ny plate i 2016. Foto Oddleiv Apneseth
SAMARBEID: Erlend Apneseth Trio består av Erlend Apneseth (f.v), Stephan Meidell og Øyvind-Hegg Lunde. Det kjem med ny plate i 2016. Foto Oddleiv Apneseth

I Erlend Apneseth Trio samarbeidar han med trommeslagar og lærdøl Øyvind Hegg-Lunde, kjend frå Building Instrument, og gitaristen Stephan Meidell. Dei bidrog også på debutalbumet "Blikkspor" som kom ut i 2013. Erlend Apneseth Trio gir også ut ny plate i 2016. Alt neste torsdag tek dei turen til Lærdal. 

Mykje å glede seg til

Kulturhuset har også fått til eit godt samarbeid med Vestnorsk jazzsenter, noko som gjer at kjende jazzartistar også vil kome innom i tida framover. 

Utover hausten kjem også Tom Roger Aadland, Sub Trio, Sizz and the bluebag, Grove horn og World of glass med Terje Isunset for å nemne nokre. 

Til toppen