INVESTERER: Odd Øren og Årdalsnett har store planar for fibermarknaden i Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
INVESTERER: Odd Øren og Årdalsnett har store planar for fibermarknaden i Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Satsar stort på ny teknologi i Årdal

No skal alle få tilgang på fiber. – Det er eit tungt løft for Årdalsnett.

Årdal: Det seier dagleg leiar i selskapet, Odd Øren. Denne veka gjekk Årdalsnett ut med nyheita om at dei kjem til å investere stort i eige nett slik at alle skal få tilgang til fiber i Årdal.

Det vil seie alle som i dag har tilgang på breiband. Framleis er både Ofredalen, Fardalen og øvre del av Seimsdalen utan breiband, men for dei to sistnemnde er dette noko det allereie er gitt statlege pengar til.

– Det me no skal gjera er å oppgradera nettet me har til meir framtidsretta og siste versjon av breibandsteknologi. Det vil seie fiber, fortel Øren.

Dramatisk endring i bruk

Fiber er noko «alle» no ønskjer seg, og for Årdalsnett er det heilt naudsynt med ei oppgradering – rett og slett fordi Internettbruken stadig aukar.

– Nettet me har i dag dekkar behovet no og kanskje i nokre år framover, men behovet aukar så dramatisk at me ser sjansen til å oppgradere og skifte ut med fiber heile vegen.

Delar av dagens nett består også av fiber, men det er stort sett dei siste bitane inn til folk som i dag går på TV-kabel i staden for. Enkelt forklart er fiber betre fordi ein får plass til å sende meir informasjon på ein millimeter tjukk tråd der alt går med lysets hastigheit.

– Bruken av Internett har endra seg, det same har utviklinga. Folk ser meir TV, film, seriar og høyrer på musikk via nettet. Me ser på trafikkauken at kurven går rett opp. Skal ein halde tritt med utviklinga, må ein byggje opp, men det vil ta nokre år, legg han til.

Startar opp til hausten

Byggjestart er til hausten 2017. Då vil nettet i sentrum av Øvre Årdal og Årdalstangen, samt Seimsdalen og Utladalen verte oppgradert. Prislappen er førebels uklar sidan arbeidet med å samle kundar pågår i desse dagar. Øren meiner det vil vere svært gunstig for kundar å hive seg på no.

– På sikt vil eg nesten påstå at du ikkje får selt eit hus utan fiber. Det er ei investering i noko ein må ha før eller seinare, meiner han.

– Ein del av årsaka til at me gjer dette no handlar også om ein krig i fibermarknaden, der større aktørar byggjer ut der dei slepp til. Dei byggjer gjerne ut i sentrum, der det løner seg, medan me tar eit samfunnsansvar og byggjer ut i heile bygda.

Til toppen