SATSAR STORT: NFF Sogn og Fjordane satsar stort på jente- og damefotball. I 2017 skal det skje ei tung satsing på trenarrettleiar for jenter og damer. Foto: Privat. 
SATSAR STORT: NFF Sogn og Fjordane satsar stort på jente- og damefotball. I 2017 skal det skje ei tung satsing på trenarrettleiar for jenter og damer. Foto: Privat. 

Satsar tungt på jente- og damefotball​

I 2017 skal NFF Sogn og Fjordane satse stort på trenarrettleiar innan jente- og damefotballen.

Det går fram ei pressemelding. I 2014 oppretta NFF ei arbeidsgruppe for å sjå på status for jente- og damefotballen i landet. Sogn og Fjordane var representert gjennom dagleg leiar Svein Olav Myklebust i denne gruppa.

Kretsleiarane prioriterte i etterkant ei nasjonal fagstilling, som skulle i jobben med utviklinga av jente- og damefotball. I 2015 vart Øyvind Strøm tilsett i eit treårig jente- og dameprosjekt i NFF.

Styret i NFF Sogn og Fjordane starta tidleg og vedtok å dele satsinga inn i tre delar mellom rekruttering og utvikling, oppfølging av NFF-prosjekt og samarbeid med Toppklubb.

Kretsen er i full gang på alle område, og i 2017 er det storsatsing på trenarrettleiar for jenter og damer. 

NFF og NFF Sogn og Fjordane yter midlar til klubbar som vil lage ei stilling kalla trenarrettleiar jentefotball. Det er eit krav at klubben må gå inn med same midlar. 

Jente og damefotballer i Sogn og Fjordane er på frammarsj, og i Sogn er dei særleg langt framme. Kretsen ønskjer å stimulere både dei gode og dei dårlege miljøa, går det fram av pressemeldinga.

– Det blir spennande å sjå kor mange klubbar som er på bana når fristen går ut 15. januar. Me har alt fått mange positive tilbakemeldingar, og det blir eit vanskeleg arbeid å velje ut aktuelle klubbar, seier Svein Olav Myklebust, som er dagleg leiar i NFF Sogn og Fjordane. 

Til toppen