Indre Sogn: Sigrun Espe har jobba med digital kulturformidling i fylkeskommunen sidan 2012, og frå august i år skal ho leie satsinga.
– Det første vi skal gjere er å kartlegge kvar i prosessen dei ulike kommunane er og kva dei treng for å kome i mål med sine kulturminneplanar, seier Espe i ei pressemelding frå fylkeskommunen.
Den første planperioden var frå 2012 til 2015, og etter den perioden hadde alle kommunar i Sogn og Fjordane bestemt at dei skulle lage ein kulturminneplan.
– Ein del kommunar, som til dømes Høyanger og Hornindal, er i mål med sine planar. Andre er i startgropa, seier Espe.
Utfordringa no er å finne metodar og verktøy som passar dei ulike kommunane.
Sogndal og Lærdal ferdig
Prosjektet, som har fått namnet «Lokale kulturminneplanar» er fylkeskommunen si satsing på kompetanseheving innan kulturminneforvaltning i kommunane og ei direkte oppfølging av Riksantikvaren sitt kompetanseløft.
Rundt om i kommunane finst det store kulturhistoriske verdiar som kan bidra til å utvikle attraktive og verdiskapande lokalsamfunn.
Med ein plan kan kommunane prioritere, engasjere og motivere til handling samstundes som dei får eit godt verktøy for forvaltnings- og planarbeidet.
I Sogn er per 24. august både Sogndal og Lærdal ferdig med sine planar, medan Årdal, Luster, Aurland og Leikanger har planen under arbeid.