Sau midt i vegen i mørk tunnel

Sau midt i vegen i mørk tunnel

Politiet twitrar: "Gardbrukar meget frustrert over Statens Vegvesen og andre tiltakshavarar i området som ikkje oppfyller sine forpliktingar."

Aurland: Rett over klokka halv fem melder Politiet i Sogn og Fjordane på Twitter at dei har fått fleire meldingar om sauer som ligg i vegbana omlag ein kilometer inne ein mørklagt lang tunnel i Berdalen i Aurland. Vidare melder dei at gardbrukar er kontakta.

Ingenting gjort etter "Gjerdelova"

To minuttar seinare melder politiet vidare at den aktuelle gardbrukaren er meget frustrert over Statens Vegvesen og andre tiltakshavarar i området som ikkje oppfyllar sine forpliktingar. Ifølge han har intet blitt gjort frå ansvarshavande etter "Gjerdelova" for å hindre dyr i vegbana. Pågående usemje.

 

Til toppen