DÅRLEG NYTT: Gjennomsnittstala viser ein vekst i inntektene på 13.300 kroner dei siste to åra for norske bønder, men for dei som driv med svin og sau peiker altså pilene nedover. Illustrasjonsfoto
DÅRLEG NYTT: Gjennomsnittstala viser ein vekst i inntektene på 13.300 kroner dei siste to åra for norske bønder, men for dei som driv med svin og sau peiker altså pilene nedover. Illustrasjonsfoto

Saue- og svinebønder har størst inntektstap

På to år har inntekta til norske saue- og svinebønder falle med 50.000 kroner per årsverk, trass i ein auke for alle bønder sett under eitt.

Gjennomsnittstala viser ein vekst i inntektene på 13.300 kroner dei siste to åra for norske bønder, men for dei som driv med svin og sau peiker altså pilene nedover, skriv Nationen. For svinebønder er nedgangen på heile 68.400 kroner.

– Vi merkar godt at inntektene er blitt dårlegare. Vi får 135 kroner mindre per slaktegris enn på same tid i fjor, seier bonde Kjetil Nilsen. Hovudårsaka til at han og dei andre som driv på same felt, taper inntekter er at kiloprisen har falle med 1,25 kroner sidan 2015. No åtvarar Norsvin mot endå brattare prisfall dersom målprisen blir fjerna, slik stortingsfleirtalet går inn for i jordbruksmeldinga.

– Det vil bli svært dramatisk. Sjansen til eksport blir borte. Då sit vi igjen utan tiltak for å regulere marknaden. Følgjene blir ytterlegare prisfall, seier Norsvin-leiar Geir Heggheim. Han fryktar ei gjentaking av det som skjedde i 2013.

– Då tapte eit vanleg familiebruk 300.000 kroner. Det må vi for alt i verda unngå, seier Heggheim og legg til at det er viktig å vente med omlegginga til gode reguleringstiltak er på plass.

Til toppen