Sauebønder er framleis bekymra for å sleppe dyra på beite

Sauebønder er framleis bekymra for å sleppe dyra på beite

Sjølv om Klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H) vil gjere lisensfelling av jerv meir effektivt, betyr det lite for komande beitesesong i Indre Sogn. 

Etter ein helikoptertur i fjellområda i Indre Sogn for å sjå etter jerv og kva utfordringar beitelaga i områda står ovanfor, kom Sundtoft til Natvik gard i Årdal onsdag. Målet med turen var knytta til utfordringane med jerv i dei prioriterte beiteområda, der sankelaga i Naddvik og Lærdal mista over 600 sauar sist sommar. 

Les også: – Skal sauehaldet gå frå gull til gråstein?

Stortinget har bestemt at lisensfelling skal vera hovudverkemiddelet i å regulere bestanden av jerv. Ut i frå spor og DNA-prøver, har Statens naturoppsyn dokumentert at ti jervar har vore i regionen for Indre Sogn, fortel leiar i rovviltnemnda i region Vest, Noralv Distad.

Fleire verkemiddel til lisensjakt

For å hjelpe sauebønder i Indre Sogn varslar statsråden nye verkemiddel for meir effektiv lisensfelling av jerv. Høyringsfristen går ut i april og tiltaka vil gjelde frå november i år.

Les meir: Høyring om forskriftsendring for meir effektiv lisensfelling av jerv

SYNFARING: Klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H) fekk sjølv sjå områda der jerven herja i 2014 og høyre frå bønder som er ramma av rovdyra.
SYNFARING: Klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H) fekk sjølv sjå områda der jerven herja i 2014 og høyre frå bønder som er ramma av rovdyra.

​– Gjennom bruk av kunstig lys ved åtejakt, meir bruk av snøskuter og å vurdere elektronisk overvåking av jervbåsane vil me gjera lisensfelllinga meir effektiv. Så vil me gi dei regionale rovviltnemdene ansvar for å sjå på sin soneforvaltning, og om det kan gjeres meir innanfor dei regionale rovviltnemdene for å begrense problemet, seier Sundtoft til Porten.no.

– Lisensjaktperioden gjekk ut 15. februar og ein har ikkje klart å felle jerv i desse områda i vinter. Kva skjer no få månader før sommarens beiteslepp? 

– Før denne beitesesongen gjer Statens naturoppsyn ein god innsats. Me brukar i dag store ressursar på Statens naturoppsyn, som jobber med ekstraordinære uttak av rovdyra. No veit me at det har vore ekstra vanskelege forhold i fjellet i år med mykje vind og snø. Eg såg jo sjølv at det er vanskeleg å sjå spora. Difor må me ha fleire virkemiddel for lisensfelling, det setter me i verk no, fortel ho. 

Ikkje optimist før komande beitesesong ​

Rein-Arne Golf i Statens naturoppsyn er ikkje optimistisk før årets beitesesong. Han fortel under møte på Natvik gard at det har vore vanskeleg å spore jerv i vinter og at ein er avhengig av godt vêr. Han har ikkje opplevd ein liknande sesong som i 2014 og er usikker kor mykje ein klarar å gjere med jervbestanden i området i år.

KREVJANDE ARBEID: Rein-Arne Golf i Statens naturoppsyn under møtet med statsråden på Natvik gard onsdag. 
KREVJANDE ARBEID: Rein-Arne Golf i Statens naturoppsyn under møtet med statsråden på Natvik gard onsdag. 

– No framover er det vanskeleg å følge spor over tid. Me har hatt høg beredskap frå november og vil ha det framover. No er det lite sporsetting i fjellet og arbeidet er krevjande. Me må ha spor å følgje for å klare å ta jerv. Jerven er aktiv om natta og utan spor må me flyga mykje. Det er urealistisk å finne jerv på den måten og det krevjer heilt andre budsjett. Likevel er me innstilt på å gjere det me kan, seier Golf. 

– Har ikkje tru på store endringar  

Etter møtet med statsråden snakka Porten.no med Siri Benjaminsen og Per Bjørkum ved Natvik gard.

– Kva tenkjer de no etter besøket?

– Det var greitt å få sagt klart ifrå til dei som har ansvar for forvaltninga. Slik eg kjenner systemet har eg ikkje stor tru på endringar. Med litt flaks så klarar Statens naturoppsyn å ta ut ein jerv eller to, men eg har ingen grunn til å vera optimist, seier Bjørkum. 

Benjaminsen rekner med at det blir jervproblematikk også i sommar. 

– Det er ikkje lysteleg å ta fatt på lamminga. Om sauebønder tapar denne saka er det noko feil i forvaltninga. Det er ikkje me som skal tape når Stortingen har vedteken at her skal det vera beitedyra som har prioritet, seier ho. 

Til toppen