GOD SOMMAR: Sauene har beita trygt til fjells i år. Illustrasjonsfoto
GOD SOMMAR: Sauene har beita trygt til fjells i år. Illustrasjonsfoto

Sauesanken går som ein draum 

Eitt lam teke av ørn er det einaste tapet av sau til rovdyr som så langt er kjend.

Årdal/Lærdal: –  Eg har gått gjennom flokken no, og i følgje datamaskina mi manglar eg ti søyer og 27 lam. Desse søyene har to lam i snitt, og dei reknar eg med å finna att. Så då kan det vera snakk om om lag sju lam som ikkje kjem att i år. Det er ikkje verst på tre hundre sau, seier bonde Ole Bjarne Hovland.

Han blir overdøyva av ivrige sauebrek i bakgrunnen når Porten ringjer. Alt er fryd og gammen i fjøsen til Hovland.

Ørn tok lam i Lærdal

Det står i sterk kontrast til sankesesongen for to år sidan. Då mista han seksti sauer, naboen over hundre.

Les også: Førebelse tal tyder på færre jerv

Les også: Bekymra for beitesesongen

I år er det heilt annleis - både i Vikadalen og fjellbeita for øvrig

– Det einaste eg har høyrd om er at dei fann eit daudt lam i Hodndalen i Lærdal. Lammet var drepe av ørn, det er konstatert. Elles er det ikkje kjend andre rovdyrskader som eg veit om, seier Hovland.

– Er nok jerv i området

Tre jervar vart skotne i Sogn i vår, og dette ser ut til å ha gitt resultat. Rein Arne Golf, rovviltkontakt i Statens naturoppsyn, fortel til NRK at det dermed ikkje nødvendigvis er kjemisk fritt for jerv:

– Når det er færre jervar i området så blir det færre skadar. Men det er nok framleis jerv i området, om enn meir sporadisk. Og til no har vi ikkje funne skadar etter dei, seier Golf.

Hovudsanken i Luster skjer først komande helg - her har det vore store tap til rovdyr tidlegare år. 

 

Til toppen