MARKNADSHELG: Allereie onsdag startar Haustmarknaden i helga. I eit fruktig samarbeid med Smak av Sogn blir god stemning og lokalmat i fem dagar.
MARKNADSHELG: Allereie onsdag startar Haustmarknaden i helga. I eit fruktig samarbeid med Smak av Sogn blir god stemning og lokalmat i fem dagar. (Foto: Jan Christian Jerving)

Sausekurs, 50 boder og over 40 grønsakssortar. Slik blir helgas Haustmarknad

Fem dagar er fylt til randen med mat og sosiale aktivitetar når Haustmarknaden går av stabelen i Lærdal denne helga.

Lærdal: Med hjelp frå røynde kokkar startar det heile onsdag kveld med sausekurs og surdeigskurs. Helene Maristuen i Smak av Sogn, som sidan 2012 har samarbeidd med marknaden, ser føre seg gode kurs med humor og lokalmat dei neste dagane.

– Torsdag blir det matseminar på dagen. Seinare på kvelden blir det middag på Tinghall på Håbakken. Der skal me laga ein pop up-restaurant. I tillegg til mykje god lokalmat, blir det vitsar og gode historier, der me skal visa fram mangfaldet i råvarene frå heile regionen, seier Maristuen.

– Kokkane som er kjem er godt røynde. Eg kan jo nemna at ein av dei har vunne NM i bernaise, så dette kan dei.

Spennande nykommarar

Fredag startar også sjølve marknaden med jentekveld og konsert.

– Me er veldig klare for ei langhelg med liv og røre på Gamle Lærdalsøyri. Heile 50 utstillarar kjem til bygda med sesongvarer som spekemat, lefsekling, geitost, honning, sild, rakfisk, most, kanelsnurr, varme klede og skinnfellar og mange andre varer. I tillegg har dei lokale butikkane gode marknadstilbod, seier Renate Fossen i marknadsnemda.

SPENNANDE BODER: Nesten 50 boder kjem til årets marknad, der to av nykommarane som nemnda drar fram er Innigo og Smalahovetunet.
SPENNANDE BODER: Nesten 50 boder kjem til årets marknad, der to av nykommarane som nemnda drar fram er Innigo og Smalahovetunet.

– Laurdag går den tradisjonelle kakekonkurransen av stabelen. I år håpar me mange vil koma med bidrag til kakekonkurransen. Tema er Smak av Lærdal. Me har lytta til ønsket frå publikum i fjor og har delt konkurransen i to kategoriar – ein for barn og ein for vaksne. Etterpå inviterer me til kakefest i Kvammegården.

Nykommarar

Fossen dreg fram Innigo frå Hardanger og Smalahovetunet som to nykommarar på Haustmarknaden. Innigo lagar eplemost og cider av eple med «skjønnheitsfeil».

– Mange fekk kanskje med seg at sjølvaste Dronning Sonja drakk most frå Innigo på Gutta På Tur på TV 2 førre søndag.

Smalahovetunet skal grilla smalahove over bål.

– Du kan ikkje seie at du ikkje likar smalahove viss du ikkje har smakt, og no har du sjansen, seier ho.

Naturleg samarbeid

Søndag held marknaden fram, der eit av høgdepunkta er auksjonen som Arve Tokvam skal leie. 

Maristuen meiner samarbeidet mellom marknaden og Smak av Sogn har fungert veldig bra sidan starten.

– Det er eit heilt naturleg samarbeid. Lærdal har posisjonert seg som frukt- og grøntplassen, og det er hyggeleg når andre som driv med liknande, kjem med gode tilbakemeldingar til oss.

Til toppen