Martin Schulze stupheadar ballen som gjev sogndølene leiinga i søndagens kamp mot Aalesund. Foto: Arkiv
Martin Schulze stupheadar ballen som gjev sogndølene leiinga i søndagens kamp mot Aalesund. Foto: Arkiv

Schulze headar ballen i mål og gjev Sogndal tre viktige poeng

Sogndal klarte å kapre til seg tre viktige poeng søndag, og klatrar dermed opp til ein trygg 12. plass i Eliteserien

Aalesund - Sogndal: 0 -1

Dei første tjue minuttane på Color Line Stadium er prega av lite spel frå begge lag. Sogndal har derimot to store sjansar, og fire minuttar ut i kampen kan Martin Ramsland stå aleine med keeper etter forsvarssvikt frå Aalesund. 

Då halvtimen er omme kjem Gilbert Koomson spurtande på høgreside og passerer to menn før han sender ballen vidare til Eirik Schulze, som stangar ballen inn i mål. 

Sogndøle fortset å dominere på bortebane, og hindrar vertane i å komme gjennom forsvaret. Gjestene skapar fleire sjansar som ikkje treff nettet. 
Mot slutten av kampen vaknar omsider vertane, og får to store sjansar som dei ikkje klarer å sette. Kampen endar dermed i sogndølenes favør.

Sogndal ligg no på ein solid 12. plass i Eliteserien, og tek i mot Molde på heimebane neste søndag. 

Til toppen