Sogndal - Tromsdalen 1-1
– Vi skapte for lite til å vinne kampen, seier Eirik Bakke skuffa etter å ha sett laget sitt ta eit poeng i dei siste minutta.
Allereie i det sjette minuttet er det Tromsdalen som tar leiinga etter slurv i Sogndal forsvaret.
– Det var litt ustrukturert følte eg, vi gir initiativet til motstandaren heime på Fosshaugane. Det får dei ein utroleg boost av av.
I andre omgang gjorde Bakke eit tidleg bytte ved å ta ut Stanisa Mandic og sette inn Joakim Soltvedt. Noko som påverka kampen positivt for Sogndal
– Det var ikkje heilt som vi håpa
– Eg føler at du Joakim kom inn så snudde vi kampen litt og fekk litt meir trøkk. Det lykkast vi heldigviss med. Eg trur vi må vere glad for det eine poenget, den kan bli viktig på slutten av sesongen.
Det er Eirik Schulze som sett inn det målet Sogndal leitte etter heile kampen. Målskåraren sjølv var ikkje fornøgd med kampen, sjølv om han redda laget sitt frå tap på heimebane.
– Det var ikkje heilt som vi håpa. Mot Tromsdalen heime bør vi ta tre poeng og det veit alle. Eg syns me spelar betre etterkvart, men har me har mykje å gå på. Etter målet hadde eg håpet om at me kunne sette ein til, men det gjekk desverre ikkje.