FÅR NY HEIM: Seawalken i Skjolden i Luster har blitt kjøpt opp av eit selskap i Nordfjord som no skal plassere den flytande cruisekaia i Nordfjordeid. Foto: Flickr/Gary Bembridge.
FÅR NY HEIM: Seawalken i Skjolden i Luster har blitt kjøpt opp av eit selskap i Nordfjord som no skal plassere den flytande cruisekaia i Nordfjordeid. Foto: Flickr/Gary Bembridge.

Seawalken får ny heim i Nordfjord

Seawalken i Skjolden er kjøpt opp av selskapet Seawalk Nordfjord AS. No skal den flytande cruisebryggja flyttast til Nordfjordeid.

Det melder Eid kommune i ei pressemelding måndag. Den flytande cruisekaia vart sett opp i Skjolden i Luster kommune i 2012. Den kan ta imot alle typar cruiseskip og er 230 meter lang.

– Eg er glad for at me no kan realisere Eid kommune sitt 10 år gamle vedtak om å legge til rette for cruisekai på Nordfjordeid. Nordfjord er inne i ei fantastisk utvikling som reiselivsdestinasjon, med store attraksjonar som Hoven Loen, Sagastad og Stad Skipstunnel rett rundt hjørnet og Visit Nordfjord som felles destinasjonsselskap, seier ordførar i Eid kommune, Alfred Bjørlo i ei pressemelding, gjengitt av NRK.

Eid kommune går inn med over tre millionar kroner i prosjektet. Kommunen eig prosjektet saman med Lefdal Invest AS og Cruise Ventures AS. Ifølgje John Olav Lefdal vil kapasiteten no dobla seg i Nordfjordeid.

Til toppen