MÅLSCORARAR: Truls Hovland og Preben Strypet scora mål for Årdal då dei avslutta den knallsterke haustsesongen med siger mot Hødd 2. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
MÅLSCORARAR: Truls Hovland og Preben Strypet scora mål for Årdal då dei avslutta den knallsterke haustsesongen med siger mot Hødd 2. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Segla galant ut av sesongen

Årdal FK pilla Hødd 2 på nasen i siste seriekamp og vann 2-0. 

Hødd 2 – Årdal 0-2

Årdal: Etter den sterke 1-0-sigeren over Brattvåg førre helg hadde årdølene allereie trygga plassen i 3. divisjon og kunne reise til Høddvoll med senka skuldrar laurdag.

Det er ikkje dermed sagt at Årdal ikkje ønskjer å vinna. I haust har laget vist formidabel form, og om ein ser vekk frå vårsesongen, ville dei ha kjempa heilt i toppen av tabellen basert på dei gode resultata.

Les også: Full pott på krøllgraset

Eit godt resultat skulle dei få med seg heim frå Ulsteinvik også. Måla lot vente på seg, men i det 73. minuttet sette Preben Strypet inn 1-0-målet med ein galant chip over keeper.

Fare for brot i foten

Truls Hovland smokka til frå 11 meter eit par minuttar før slutt, og ballen suste i nota.

Vegard Aafedt Bukve måtte fraktast med båre ut av bana då det var spelt i 42. minutt. Årdal FK meldte seinare same kveld at det ikkje var brot i foten, men at han truleg på tilbringa nokre dagar på krykker.

Les også: På denne tabellen ligg Årdal heilt i toppen

Det har vore utruleg jamnt i avdeling 8 denne sesongen. Forutan suverene Brattvåg har avstanden mellom 2. plass og nedrykk vore på nokre poeng. Sigeren i dag gjorde også sitt til at Årdal endar på ein fin-fin 8. plass med heile ti poeng ned til Kristiansund BK 2, som må ta turen ned i 4. divisjon saman med Skarbøvik og Eid.

Korleis den endelege tabellen ser ut, kan du sjå på våre sportssider

Hovland vart toppscorar

Den forrykande haustsesongen skuldast naturlegvis godt kollektivt arbeid, men det er også enkeltspelarar som utmerkar seg. 

Blant anna har Truls Hovland, som returnerte frå Sogndal før denne sesongen, hatt ein veldig god sesong føre mål med 13 nettkjenningar. Mest i avdelinga hadde Jan Roger Angvik i Kristiansund FK.

Like imponerande er det at Preben Strypet står med åtte scoringar i og med at han berre har spelt haustsesongen. Strypet gjorde som kjend comeback i sommar.

Til toppen