FJORSPENN: Regjeringa sa fredag ja til at krafta frå Offerdal Kraftverk kan førast via fjordspenn i staden for i sjøkabel, noko som var tilrådinga frå NVE etter sluttbefaringa i 2015. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
FJORSPENN: Regjeringa sa fredag ja til at krafta frå Offerdal Kraftverk kan førast via fjordspenn i staden for i sjøkabel, noko som var tilrådinga frå NVE etter sluttbefaringa i 2015. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Seier ja til at krafta skal gå i lufta over fjorden

Fredag kom klarsignalet frå regjeringa om at utbygginga av Offerdalen Kraftverk kan starta – og krafta skal gå i luftspenn.

Årdal: Det er stikk i strid med ønsket frå eit samrøystes kommunestyre i Årdal, som i 2015 gav beskjed om at dei ønskte at krafta skulle overførast via sjøkabel.

– Me fann ikkje å kunne imøtekome ynsket om kabel i fjorden, men det blir jordkabel på ein del av strekninga inn mot Naddvik, seier ekspedisjonssjef Per Håkon Høysveen i Olje- og energidepartementet til NRK.

I konsesjonshandsaminga av prosjektet er dei samfunnsmessige fordelane ved utbygging av fornybar kraftproduksjon vegd opp mot dei negative verknadene.

FJORDSPENN: Jacob Hornnes i Sognekraft seier fjordspenn var akkurat det dei hadde håpa på fordi det er rimelegare enn sjøkabel.
FJORDSPENN: Jacob Hornnes i Sognekraft seier fjordspenn var akkurat det dei hadde håpa på fordi det er rimelegare enn sjøkabel.

– Det me håpa på

Ulempene knyttar seg først og fremst til kulturmiljø, naturmangfald og landskap. Her har ein altså kom fram til at fordelane er større enn ulempene, der det er fastsett vilkår om avbøtande tiltak i form av minstevassføring heile året i både Indre- og Ytre Offerdalselvi med aukt vasslepp om sommaren.

– Me har heile tida håpa på at me skulle få løyve til å byggje fjordspenn fordi ei løysing med sjøkabel er vesentleg dyrare og kunne i verste fall ha medført at prosjektet ikkje vert realisert, seier produksjonssjef i Sognekraft, Jacob Hornnes til Porten.no. 

Då han deltok på sluttbefaringa med NVE i juni 2015, lova han at dei skulle ta lokale omsyn dersom det krafta skulle overførast i luftlinje.

– Me har framleis ikkje starta detaljplanlegginga og heller ikkje fått lese vilkåra, men det er sannsynleg med fjordspenn og deretter jordkabel når ein går i land i Vikadalen. På Ofredal-sida vil fjordspennet truleg starte rett opp frå nedre kraftstasjon, kanskje litt nærare Årdalstangen, seier han.

SJØKABEL: Ordførar Arild Ingar Lægreid er glad for konsesjon, men er klar på at kommunen ønskte sjøkabel.
SJØKABEL: Ordførar Arild Ingar Lægreid er glad for konsesjon, men er klar på at kommunen ønskte sjøkabel.

Ønskte sjøkabel

Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid, seier han er glad for at det no vert gitt konsesjon, men er klar på at kommunestyret ønskte sjøkabel.

– At det vert gitt konsesjon er viktig for lokalsamfunnet og vil gi ringverknader i næringslivet, samt gi kommunen inntekter i åra kraftverket er i drift, seier han.

– Me ønskte sjøkabel, men eg konstaterer at det ikkje var det.

Ser moglegheiter i reiselivssatsinga

Ein av grunnane til at ein ønskte sjøkabel er fordi kommunen no ønskjer å bli betre innan reiseliv, der det gamle anlegget i Ofredal vil spele ei sentral rolle som attraksjon.

– Kommunestyret har heile vegen vore klare på at dei vil ha inn vilkår knytt til «Ne'fø sjøen» mellom anna ved å sikre vassføring dersom anlegget blir bygd opp att slik at det kan brukast i turistsamanheng. Det jobbar med vidare med. Samstundes kan ei kraftutbygging vere med på å sikre meir kapital til anlegget, samt opne for breiband ut i Ofredalen, seier ordføraren.

Artikkelen held fram under biletet.

GODE I DET DÅRLEGE: Ordføraren ser det gode i det dårlege og trur utbygging kan bety ekstra hjelp til opprustinga av anlegget i Ofredalen.
GODE I DET DÅRLEGE: Ordføraren ser det gode i det dårlege og trur utbygging kan bety ekstra hjelp til opprustinga av anlegget i Ofredalen.

Offerdal Kraftverk skal nytte vatnet både i indre og ytre Ofredalselvi. Kraftstasjonen får inntak om lag 800 meter over havet i ytre Ofredalselvi og om lag 400 meter over havet i indre Ofredalselvi.

– Utbygginga av kraftverka i Offerdal vil gi tilgang på meir fornybar kraftproduksjon, styrka forsyningstryggleiken og skape lønsame arbeidsplassar i regionen. Den regulerbare vasskraften er ryggrada i kraftsystemet vårt og vil framleis vere det framover, seier olje- og energiminister Terje Søviknes.

Til toppen