Gulen: Politikarane i Gulen ønskjer ikkje å ta ein ny vurdering på kvar ambulansestasjonen for Gulen og Masfjorden skal liggje. Formannskapet hadde oppe saka i førre møte etter at Fensfjordbygg AS har komme med eit tilbod om leige av lokale i det nye bygget deira på Hosteland.

Seier nei til å vurdere lokalisering av ambulansestasjon på nytt
Gulen kommune vil ikkje vurdere tilbodet frå Fensfjordbygg AS om å leige ambulansestasjon på Hosteland. Kommunedirektøren meiner dei som ikkje vil bruke pengar på ein ambulansestasjon på Dalsøyra slik som planlagd, bør tenkje seg om.