NYTT UTEOMRÅDE: Dersom politikarane seier ja til å forskottere 500.000 kroner, vil Farnes skule få eit nytt uteområde til skulestart i haust. Foto: Truls Grane Sylvarnes/Uniqua. 
NYTT UTEOMRÅDE: Dersom politikarane seier ja til å forskottere 500.000 kroner, vil Farnes skule få eit nytt uteområde til skulestart i haust. Foto: Truls Grane Sylvarnes/Uniqua. 

Seier politikarane ja, vil skuleplassen bli som ny i sommar

Dersom kommunestyret i Årdal går inn for å ta opp eit lån på 500.000 kroner for å forskotere spelemidlar, vil uteområdet på Farnes skule endeleg få seg ei grundig oppgradering.

Årdal: – Det betyr at då vil me ha midlane som skal til for å starte bygginga. Pengane ein låner, vil kome att ganske fort, seier Arne Hovland, som er idrettskonsulent i Årdal kommune.

I samband med budsjetthandsaminga i desember, vart det sett av 500.000 kroner i investeringsbudsjettet til uteområdet på Farnes skule. Slenger ein på tilsvarande beløp i spelemidlar og momskompensasjon, er finansieringa på 1.250.000 på plass.

På plass til rundt skulestart

Planen er å byggje eit multianlegg og ein Berliner klatrepark på den «gamle» skuleplassen, altså den som er ned mot Farnesvegen.

– Me håpar det er på plass til rundt skulestart i år. Det er det som er planen vår. Med andre ord blir det ein travel sommar, smiler Hovland og fortel at arbeidet med eit nærmiljøanlegg på paviljongtomta allereie er i gang.

– Det er herleg at det me har jobba såpass mykje med no kjem på plass og at bygda får sjå at me er i ein situasjon der me kan delta i utbygginga som ein ser rundt om i Sogn og Fjordane.

Aktivitetsskapande

Men først må altså kommunestyret seie ja. I formannskapet var det eit samrøystes ja, og lite tyder på at det skal endre seg når dei folkevalde samlast torsdag denne veka. 

– Dagens anlegg er rimeleg nedslitt. Det var nok veldig bra den gongen det kom, men i dag har me meir kunnskap om kva som tiltrekk ungane. Sandkasse og husker er ikkje like interessant lenger. Dessutan er til dømes ei huske lite sosialt, forklarar Hovland.

Dei nye apparata skal setjast opp der som det i dag er leikeapparat og ei sandkasse ved sidan av skuret. Det blir to adskilte apparat med ulike funksjonar, der målet er å gjera det spennande, interessant og aktivitetsskapande.

Til toppen