SETTE SPOR: Helge Brekke var ikkje i Seimsdalen meir enn halvanna år, men vikjen sette varige spor etter seg. Foto: Ole Ramshus Sælthun
SETTE SPOR: Helge Brekke var ikkje i Seimsdalen meir enn halvanna år, men vikjen sette varige spor etter seg. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Seimsdalen gav han sjølvtilliten tilbake

Helge Brekke var siste læraren på Seimsdal skule, og fredag kveld heldt vikjen eit rørande innlegg om tida i bygda som endra livet hans.

Årdal: – Eg kallar dette eg skal seia for min hyllest til Seimsdalen, dalen eg ikkje gløymer.  Eg seier ikkje det til denne forsamlinga fordi eg tenkjer det er noko veldig lurt å seia. Eg seier det fordi det er noko eg meiner. Heime har eg eit bilete av skulen her, og det ser eg på kvar dag, innleia Helge Brekke i Helgatun, ungdomshuset i Seimsdalen fredag kveld.

Han stod for hovudinnslaget under kulturkvelden i regi av Årdal sogelag og Seimsdalen ungdomslag. Brekke var den siste læraren på skulen i Seimsdalen til skulen vart lagt ned våren 1963 etter at Seimsdalstunnelen hadde gjeve vegsamband frå Seimsdalen inn til Årdalstangen. 

– Skapte optimisme, vilje og tel

Jørgen Asperheim hadde då introdusert vikjen for eit fullstappa ungdomshus, ikkje ein stol var ledig. For denne mannen gjorde inntrykk då han kom i januar 1962.

Artikkelen held fram under biletet

FULLT: Ikkje ein stol var ledig i Helgatun fredag kveld.
FULLT: Ikkje ein stol var ledig i Helgatun fredag kveld.

– Han gjorde ein total omsnue i skulemiljøet, var ein drettsmann til dei grader som me ikkje hadde opplevd før. Jau, me spente fotball i bratte bakkane, og den kom jo att av seg sjølv. Helge levde og anda av idretten, dette var noko heilt anna, sa Asperheim. 

Ein ting var idretten, men den då 21 år gamle Brekke gjorde inntrykk på så mange vis.

– Han var omtala heile tida. Skapte optimisme, vilje og tel. Helge les for oss frå bøker,  og fann historiar eg tenkte ville ha ført til at «lærerinda» – som me kalla henne – tok boka frå han om ho hadde høyrt dei.  Det var cowboyhistoriar, hinsides den moral me var opplærte i, sa Asperheim, før han ramsa opp ei rekkje utmerkingar Brekke har fått. 

Vikjen, som no bur i Knarvik, er nemleg langt på veg den som skapte løpet Knarvikmila. Han har fått kongens fortenestemedalje for sitt arbeid med born og unge. Han har fått Frivillighetsprisen Norge, vorte kåra til den rektoren med størst tillit blant tilsette og foreldre, og fått to internasjonale utmerkingar for haldningsskapande arbeid med born og unge.

"Eg var ein seimsdøl"

Så var det hovudpersonen sjølv sin tur. Brekke starta monumentalt.

– Det aller viktigaste eg opplevde i Seimsdalen var den menneskelege varmen. John F. Kennedy sa "Ich bin ein Berliner. Eg seier: "Eg var ein seimsdøl".

Han skulle eigentleg ha vore i millitæret den vinteren i 1962. Det vart Seimsdalen og lærarjobb i staden.

– Eg vart øydelagt i magen og måtte avbryta millitæret. Då tok eg ein operasjon, og den gjekk så gale at eg heldt på å døy.  Men så måtte eg ha noko å gjera på, så difor kom eg hit og tok denne jobben. Eg skulle eigentleg berre vera det halve året, men vart overtalt til å vera eitt år til ettersom skulen skulle leggjast ned uansett i 1963.

Eit glimt han hugsar spesielt godt var då han kom inn med båt ein januardag i 1962.

Om lag halvparten av dei 101 som budde her stod på kaien. Eg hadde med meg fire par ski. Ein eldre kar kommenterte at han kunne no ikkje skjønna kva eg skulle med fire par ski, det måtte no halda med eitt. Eg var litt redd, for eg hadde ikkje sjølvtillit i det heile. Det skal eg koma attende til.

Artikkelen held fram under biletet

MUSIKK: Husbandet for kvelden, også frå Vik, spelte både mellom innslaga og etter kvart opp til dans.
MUSIKK: Husbandet for kvelden, også frå Vik, spelte både mellom innslaga og etter kvart opp til dans.

Ein annleis lærar

Treningsiveren hjå den unge Brekke var stor. Han fann seg ein bakke han sprang opp og gjekk nedatt tjue gonger.

– Eg vart spurt av ei dame om eg Ikkje var vel bevara – hadde eg no sprunge ned og gått opp hadde det no vore litt annleis . Ho sa ho skulle ta meg med i kveldsbøna, slik eg for åt. Då svarde eg at det gjorde mor mi frå eg vart fødd, at det var difor eg vart som  eg vart. Men me vart dus, eg og dama – ho ville til og med ha meg med i misjonsforeininga. Men då sa eg stopp. 

Han utvikla eit skikkeleg skimiljø og fortalde vidare om då det stod i avisene at seimsdølene vann alt i eit skimeisterskap.

For Brekke vart fort godt likt.

– Første gong eg følte meg som ein seimsdøl var 1. mai under eit løp på Tangen. Helge Moen var største stjerna, 50 meter før mål låg eg ein meter bak han. Då ropte alle tangingane og øvringane. Men eg tok han att og vann. Då jubla alle seimsdølene.

Brekke fekk spesielt god kontakt med elevane, såg nærast på seg sjølv som ein av dei. Det var ikkje vanleg for ein lærar, noko han også fekk føla på kroppen.

– Eg vart kalla inn til skulestyret etter at ei fin dame som tala austlandsk hadde sett eg spelte fotball med elevane. Det fekk eg beskjed om å slutta med, i alle fall å stå slik i mål og hyva meg til sidene så eg vart skiten i fjeset. Så eg spurde om det var greitt at eg spelte ute på bana. Det var greitt, men eg måtte unngå å bli skiten slik. 

Skreiv stil for eleven sin

Ein av elevane han fekk spesielt god kontakt med, var Jarle Nundal. Nundal hadde vorte ein svært habil skiløpar og skulle ei helg på skirenn. Men så måtte han eigentleg skriva ein stil som skulle leverast måndagen etter.

– Eg skal skriva stilen din, sa eg – men du må føra den inn. Då Jarle fekk den att var kommentaren frå læraren at dette var ein veldisponert stil som stod til karakter Sg, humra Brekke.

For tida i Seimsdalen lærte han kor viktig det var med godt forhold til elevar og foreldre som lærar. Kanskje fordi han hadde opplevd korleis det var med lærarar som ikkje hadde godt forhold til elevane sine.

Artikkelen held fram under biletet

MOT STRAUMEN: Også Jens Brekke hadde innslag under kulturkvelden i Seimsdalen, mellom anna la han ikkje skjul på at han har sans for kjerringa mot straumen.
MOT STRAUMEN: Også Jens Brekke hadde innslag under kulturkvelden i Seimsdalen, mellom anna la han ikkje skjul på at han har sans for kjerringa mot straumen.

– Takk, Seimsdalen

– Eg har aldri sagt dette før, men eg føler eit behov for det no. Då eg kom til Seimsdalen hadde eg som nemnd null sjølvtillit. Dei tre åra eg gjekk på gymnaset før eg kom var som eit mareritt. Eg hadde ein sadist til lærarar som ikkje likte meg. Eg var ikkje åleine, tre andre elevar slutta. Den eine tok seinare livet sitt.

Men gjennom tida i Seimsdalen utforma han ein måte å læra og vera på som seinare altså har gitt han eit kobbel av prisar for arbeid med born og unge.

– I tida her følte eg at eg kunne skapa noko. Eg ville bli lærar etter denne tida, og eg skulle eigentleg bli ingeniør. Men jobben ved å gjera forholdet til elevar og foreldre godt som lærar, følte eg at eg var med på å skapa noko i lag med andre. Takk, Seimsdalen. Takk til de som var der for femti år sidan, avslutta Brekke rørt.

Til toppen