FØRSTEPRIORITET: Arbeidarpartiet vil prioritere rehabilitering av Seimsdalstunnelen føre Blaksettunnelen. Tysdag skal planen for rehabilitering av tunnelar vedtakast på fylkestinget. Arkivfoto: Sunniva K. Øvstetun. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Seimsdalstunnelen vert løfta opp på prioriteringslista

Fylkestinget vedtok å løfta opp Seimsdalstunnelen slik at den vert prioritert i investeringsprogrammet i perioden 2018 til 2021.

Seimsdalen: I utgangspunktet skulle tunnelen først prioriterast i perioden 2021 til 2024 med Blaksettunnelen som førsteprioritet i programmet frå 2018, men Arbeidarpartiet varsla at dei ville snu om på rekkjefølgja.

Men før partiet kom på talarstolen fremja Aleksander Øren Heen (Sp) eit fellesforslag frå Senterpartiet, Høgre, Venstre og Framstegspartiet om at begge tunnelane skulle prioriterast i perioden 2018 til 2021.

GLAD: Aleksander Øren Heen (Sp) sa det var gledeleg å kunne fremja eit forslag der Seimsdalstunnelen vart prioritert. Arkiv
GLAD: Aleksander Øren Heen (Sp) sa det var gledeleg å kunne fremja eit forslag der Seimsdalstunnelen vart prioritert. Arkiv

– Eg har jobba i mange år med å få den prioritert inn frå Årdal kommune slik at fylket også skal prioritere tunnelen. Difor er det svært gledeleg å stå her og fremja eit forslag som ivaretek den prioriteringa, sa han frå talarstolen.

Stokke om

I tilrådinga heiter det mellom anna at det skal setjast av ei ramme på 1,4 milliardar kroner til tunnelvedlikehald i Sogn og Fjordane i perioden 2016 til 2024. Hilmar Høl (Ap) meinte det beste var å setja Seimsdalstunnelen åleine øvst.

– Eg registrera som årdøl frå ein årdøl at me er uenige om kva som skal vera prioriteringa mellom desse. Me vil prioritere Seimsdalstunnelen fordi det er den einaste vegen ut for 5-600 menneske som bur i Seimsdalen. Det er masse trafikk med ungar, som ein ikkje kan senda gåande eller syklande. 

Forslaget til Arbeidarpartiet fell med berre ni røyster, medan fellesforslaget fekk 22 røyster. Difor blir Seimsdalstunnelen løfta opp på prioriteringslista.

– No er det opp til fylkestinget å seinare vedta regional transportplan når den skal reviderast og følgja opp med midlar gjennom budsjett, la Heen til. 

Til toppen