KVEVATNET: Slik såg det ut på Kvevatnet i september 2014. I år ligg is og snø framleis i området no i slutten av juli og vegen opp er framleis ikkje open. Arkivfoto: Jan Christian Jerving
KVEVATNET: Slik såg det ut på Kvevatnet i september 2014. I år ligg is og snø framleis i området no i slutten av juli og vegen opp er framleis ikkje open. Arkivfoto: Jan Christian Jerving

Sein sommar påvirkar aurefisket

Alt no er det bra med folk som har meld seg til tynningsfiske i Lærdal Statsallmenning, men mykje snø og is gjer at Lærdal Jeger og Fiskarlag og Lærdal Fjellstyre må endra litt på planane sine.

Porten.no skreiv tidlegare om at Lærdal Jeger og Fiskarlag og Lærdal Fjellstyre opnar for tynningsfiske i Hilmsvatn og Perbakktjørn i Lærdal Statsallmenning. Dei oppmoda spesielt unge til å melda seg for å hjelpa til å fiske og forvalte fjellvatna. 

Les også: Nyttar du sjansen til å fiske med garn heilt gratis?

Men det er lite som minnar om sommar i fjellet. Isen ligg på samtlege vatn i Lærdal Statsallmenning og snø gjer at vegen opp til Kvevatnet framleis ikkje er opna. Difor har Lærdal Jeger og Fiskarlag sett seg nødd til å utsetta tynningsfiske i Hilmsvatn og Perbakktjørn til neste år. 

– Me visste ikkje at det var så gale då me planla prosjektet. No gjeld det å gjera det beste ut av det, seier leiar for Lærdal Jeger og Fiskarlag, Kenneth Grøthe. 

Prioriterer vatna langs vegen

– No prioriterer me heller vatna langs vegen opp til Kvevatnet. Det betyr at me opnar for tynningsfiske frå Blandevatnet, Tvillingtjørni og Langevatn. Det er det me ser for oss no i starten, seier Grøthe. 

Men framleis er det knytt usikkerheit til tynningsfiskeprosjektet. Nokre av dei høgaste punkta ligg på 1500 moh. Torfinn Grøttebø, i Lærdal Jeger og Fiskarlag, seier han ikkje har opplevd liknande snøforhold fjellet i slutten av juni på over 50 år.

– Når er vegen venta å opne?

– Dette er eit spesielt år, så me har ingen garanti. Anleggsvegen opp til Kvevatnet må vera brøyta og tørka opp til reinsjakta startar 20. august, seier Grøthe.

Stor interesse for tynningsfiske

Motor og 30 garn er alt på plass til årets fiskesesong, som i fjellet varar fram til 30. september. Grøthe fortel dei har blitt kontakta av folk både frå Lærdal, Årdal, Leikanger og Aurland, som er interessert i å fiska. 

– Det er sjølvsagt veldig kjekt at folk i området vil vera med på prosjektet, seier han.

Dei vil få beskjed så fort det let seg gjere å opne for fisking.  

Fleire faktorar

Det er fleire faktorar som gjer tynningsfiske viktig. Prosjektet har gått over fleire år, der det er sett ut fisk for å skapa betre kår for auren. Men då det er sett ut meir fisk enn det som er teken ut, er intensivt fiske med småmaska garn ein måte å få opp kvaliteten på fisken.

– Er vatna for "overbefolka", blir ikkje fisken stor og det er mindre interessant å fiska, uttalte Grøttebø til Porten.no tidlegare.

Varmare vatn, gir meir yngling og småfisk, noko som også gjer det mindre attraktivt for folk å fiska. Under tynningsfiske vil dei difor ta prøver av og vega fisken for å sjekke forholda i vatna. Men både Grøthe og Grøttebø understrekar at det største problemet er at det ikkje blir teke ut nok fisk, noko som er viktig for å halde på næringsgrunnlaget. 

– På dei fjellvatna som ligg langt frå veg er også mindre attraktivt for folk å nytte, då dei ligg krunglete til. Det er sjølvsagt forståeleg når ein har med seg ungar på tur, seier Grøthe. 

Til toppen