Den kalde våren har gitt brunsniglane ein sein start. Det betyr at mange ikkje blir fullvaksne i sommar. Ein fullvaksen brunsnigel er 7–15 centimeter. Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix / NPK
Den kalde våren har gitt brunsniglane ein sein start. Det betyr at mange ikkje blir fullvaksne i sommar. Ein fullvaksen brunsnigel er 7–15 centimeter. Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix / NPK

Sein vår gir sniglane dårlege kår

Den seine våren i år har éi positiv side: Mange brunsniglar vil aldri rekke å bli kjønnsmodne. Det kan bety færre sniglar neste år, ifølgje NIBIO. 

Hageeigarar som banna over ein sein vår og snø i mai, får ei gladnyheit frå Erling Fløistad ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

– Vi kan konstatere éin ting: Det blei ein sein start for brunsniglane, seier Fløistad til NTB.

Rekker ikkje å bli kjønnsmodne

Jorda må vere stabilt over seks grader for at sniglane skal vere aktive, og hos NIBIO på Ås målte dei det først etter 1. mai. Fløistad seier at det er veldig stor spreiing i storleiken på sniglane han har sett ute på Ås og Rælingen.

– Det er berre nokre få som er fullt utvikla. Det er påfallande mange som er forseinka i utviklinga på grunn av kald vår, og dei som er mest forseinka, rekker aldri å legge egg i år, seier han.

Fløistad fortel at brunsniglane må bli nærmare fem centimeter før dei parer seg, og alle sniglane som berre er rundt tre centimeter no, kjem ikkje til å rekke å bli kjønnsmodne før paringa i juli og august. Egga blir klekte på hausten, og dei unge sniglane overvintrar.

Dermed meiner Fløistad at det er grunn til å håpe på nedgang i talet på sniglar neste år.

– Bra kontroll

Bydelen Konnerud i Drammen gjekk til storaksjon mot brunsniglane for to år sidan. Leiar i Konnerud hagelag, Brede Holst, meiner at dei framleis ser effekten av aksjonen.

– Vi opplever at vi har bra kontroll på brunsniglane, seier Holst til NTB.

I 2015 tok 1.500 naboar del i ein aksjon der dei spreidde 10.000 liter av ei blanding av snigleetande parasittar og ølgjær. Holst meiner at parasittane har overvintra og framleis drep sniglar.

I år hadde bydelen berre ein liten aksjon for å spreie blandinga sin, for på enkelte stader med mykje fukt og godt skjul frå sola var det opphopingar av sniglar, fortel Holst.

Luk dei ut

Fløistad seier at det er vanskeleg å vurdere effekten av «konnerudmetoden», sidan det ikkje finst forsøk med ubehandla kontrollfelt. Sjølv Fløistad har eitt råd til hageeigarar og kommunar: finne ut kor sniglane oppheld seg om dagen, og så rydde vekk skjulestadene.

– Det tok nokre år før eg tok dette inn over meg, seier han.

Ifølgje Fløistad er det store lokale variasjonar i kor mykje sniglar det er. Nokre stader der sniglane har vore lengst, ser dei ut til å gå tilbake. Fløistad meiner at det kan både vere bestandskollaps som følgje av sjukdom og resultat av målretta dugnader.

– Vi kan ikkje forvente å bli kvitt dei fullstendig, men det er mogleg å komme ned til eit nivå der ein får ha plantene i fred, seier Fløistad.

(©NPK)

Til toppen