Nuisance under øving før kveldens konsert. F.v. Ørjan Loftheim, Alf Magne Hillestad, Frode Aga, Svein Ove Holsæther  og Joacim Styve. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
Nuisance under øving før kveldens konsert. F.v. Ørjan Loftheim, Alf Magne Hillestad, Frode Aga, Svein Ove Holsæther  og Joacim Styve. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Seks år sidan sist Påskerock

Det heile byrja i 1994, då Frode Aga bladde i ei engelsk ordbok på leit etter eit kult namn til bandet han var med å starte.  

Slik vart årdalssuksessen Nuisance til. På norsk vert ordet ”nuisance” omsett til besvær, pest eller plage, og eit av dei engelske synonyma er ”pain in the ass”. Bandet Nuisance består av Frode Aga, Ørjan Loftheim, Joacim Styve, Svein Ove Holsæther og Alf Magne Hillestad.

To plateutgjevingar

For tjue år sidan gav Nuisance ut si fyrste plate ”Eye”, og året etter gav dei ut albumet ”Inside Out”. Bandet spelar sjølvkomponerte låtar i sjangeren grunge med inspirasjon frå blant anna Pearl Jam og Nirvana.

Prøvd lenge

Nuisance har fått mange førespurnader om å spela dei siste åra, men sidan medlemmane i bandet bur på forskjellige stader i Noreg, er det vanskeleg å få samla alle. I år klaffa det, og dei ser fram til å stå på den flunkande nye scena på Bakeriet. – Eit slikt lokale drøymte vi om då vi spelte, fortel Frode Aga.

Artikkelen held fram under biletet.

Nuisance på 90-talet.
Nuisance på 90-talet.

Fyrste Påskerock

Dei har alle lang fartstid på scena, sjølv om ikkje alle er aktive musikarar i dag. Då fyrste Påskerock gjekk av stabelen i 1998, avslutta Nuisance mini-festivalen. Både hårsveisar og klesstil har endra seg hjå medlemmane sidan den gong, men musikken er den same. – Me er ikkje utdaterte, påpeikar Joacim Styve med eit smil.

No gjer dei det igjen: i kveld avsluttar dei Påskerock 2015 med eit arsenal av gamle slagarar!

Sjå bilete frå fyrste dag av Påskerock 2015 HER.

 

 

Til toppen