FJORÅRETS VINNAR: Kristin Sønnerheim frå Aurland fekk fylkeskulturprisen for arbeidet ho har gjort for Aurlandsdalen.
FJORÅRETS VINNAR: Kristin Sønnerheim frå Aurland fekk fylkeskulturprisen for arbeidet ho har gjort for Aurlandsdalen. (Foto: Arkiv)

Fem frå Sogn nominert til fylkeskulturprisen

Fem personar og lag frå Sogn er blant dei 24 nominerte til fylkeskulturprisen i Sogn og Fjordane.

Indre Sogn: Fylkeskulturprisen blir delt ut kvart år til personar, lag eller organisasjonar, som har gjort ein innsats ut over det vanlege for kultur. 

Seks i frå Sogn 

  • Indre Ofredals Vener v/ leiar Harald Thune, driv oppbyggingsarbeid av historiske bygningsmiljø i Ofredalen i Årdal.
  • Finn Loftesnes, naturfotograf og tidlegare lærar innan friluftsliv- og naturfoto ved Sogndal Folkehøgskule. 
  • Dagfinn Hegg Lunde, bonde og tidlegare skiskyttar. 
  • Per Odd Grevsnes, dagleg leiar i Sogndal skisenter Hodlekve.
  • Geirr Vetti, driv selskapet Stibyggjaren og eig Skåri Høgdegard. 

I fjor vann Kristin Sønnerheim, også kalla Mor Aurlandsdalen, for arbeidet ho har lagt ned for dalen i over 50 år. 

Dei 24 innsendte forslaga vil bli handsama av ei innstillingsnemnd, sett saman av tre medlem frå hovudutval for næring og kultur. Dei vel vinnaren 20.november. 

Dei andre nominerte er: Terje Sølvberg og Helge Hjelle, Katrine Sele, Svanøy Folkeakademi, Kristen Arnestad, Teaterfestivalen i Fjaler, Dugnadsgjengen på MS Atløy, Stig Høynes, Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Kalvåg kystlag, Ten Sing arbeidet i Sogn og Fjordane, Per Fossøy, Oddleiv Apneseth, Jan Ketil Smørdal, Tone Andal, Margit Fløde, Stryn Ping Pong Club,Florø Taekwondo klubb, Torkjell Djupedal. 

Til toppen