Seks jervar tekne ut så langt
(Foto: Statens Naturoppsyn)

Seks jervar tekne ut så langt

Så langt i vår har Statens naturoppsyn (SNO) teke ut seks jervar i Indre Sogn, den siste av dei i Utladalen i Årdal onsdag. 

Rein-Arne Golf i Statens naturoppsyn (SNO) fortel om gode sporingsforhold for å finne jerv den siste tida under dei ekstraordinære uttaka.

Mannskapen nyttar helikopter for å overvåke og regulere rovviltbestanden og har fortløpande dialog med miljødirektoratet som bestemmer kor mange uttak det skal gjerast på bakgrunn av registreringane. Det er Stortinget som har bestemt at det ikkje skal vera ynglande jervar i beiteprioritert område slik som her i Sogn.

– Jervane blir bedøva først, slik at dei kan sjekke om det er ei tispe med ungar, då ein ikkje kan avliva jerven før ein veit kor ungane er, fortel Golf til Porten.

Jerven som vart teke ut i Utladalen onsdag var ei tispe utan ungar. Det er den andre jerven som er teke ut i Årdal i vår. Dei fire andre jervane vart teken i Luster.

Les også: To hannjervar vart felt på fredag

Du kan lesa meir om dei ekstraordinære uttaka av jerv på Rovviltportalen

Sankelaga i Naddvik og Lærdal mista over 600 sauar sist sommar, og ser mørkt på å sleppe dyra sine på beite i år. 

Tine Sundtoft, klima- og miljøminister, var også i Årdal i starten av april for å sjølv oppleva utfordringane med jerv i dei prioriterte beiteområda. Ho varsla då lovforslag om fleire verkemiddlel for å gjere lisensfelling av jerv meir effektivt. Det blir først gjeldande frå neste sesong. 

Les også: Sauebønder er framleis bekymra for å sleppe dyra på beite

Seinare i april var Knut Storberget, landbrukspolitiske talsmann i Ap,
og partikollegane Ingrid Heggø og Åsmund Aukrust også i Årdal der jervdebatten vart drøfta på ny. Dei ønskjer å reise debatt om politikken rundt jervebestanden og ansvarsklargjeringar i forvaltninga.

Les også: Lovforslaget løyser ikkje problemet

Til toppen