Sogndal: Høgskulen på Vestlandet (HVL) sin nye rektor vil tiltre 1. januar, og overta stillinga etter dagens og skulen sin første rektor, Berit Rokne.
– Det er lagt opp til ein god og grundig prosess framover med intervju og vurdering av kandidatar. Prosessen blir leia av eit innstillingsutval som HVL-styret har sett ned, skriv HVL i ei pressemelding.
Rektorstillinga ved HVL er eit åremål på fire år, og sjølve tilsettinga av ny rektor vil skje i styremøtet 24. september.
Desse ynskjer å bli rektor:
Navn | Alder | Noverande stilling | Kommune | Kjønn |
Arild Hovland | 59 | Dekan | Drammen | Mann |
Jan Petter Hansen | 57 | Prefekt | Göteborg | Mann |
Gunnar Yttri | 53 | Førsteamanensis | Sogndal | Mann |
Tom Skauge | 64 | Instituttleiar | Bergen | Mann |
Gro Anita Fonnes Flaten | 47 | Prorektor for forsking | Alver | Kvinne |
Asle Holthe | 59 | Dekan | Bergen | Mann |
Søkjar unnateke offentlegheita | 62 | - | - | Mann |