HELSE FØRDE: Førde sentralsjukehus.
HELSE FØRDE: Førde sentralsjukehus. (Foto: Helse Førde/Arkiv)

KORONAVIRUS

Seks nye smitta i Helse Førde sitt område

Det er framleis ingen innlagde pasientar med korona i Helse Førde.

Helse Førde: Seks personar testa positivt på Helse Førde sine analyserte prøvar torsdag denne veka. 

Helse Førde analyserte 257 prøvar. 

Talet er det høgste denne veka. På måndag og tysdag mottok Helse Førde éin positiv test, onsdag mottok dei tre. 

Det er framleis ingen pasientar innlagd med korona på føretaket sine sjukehus. 

Avisa Firda skriv at dette er den tolvte dagen på rad at føretaket melder om nye smitta. 

Ikkje nødvendigvis endelege

På heimesida opplyser Helse Førde prøver teke i området kan bli analysert i andre laboratorium enn Førde sitt.

Difor er ikkje tala nødvendigvis endelege for Helse Førde sitt område.

Til toppen