STOD I FARE: Ei av klassane på Årdal videregående stod i fare for å bli nedlagt.
STOD I FARE: Ei av klassane på Årdal videregående stod i fare for å bli nedlagt. (Arkiv )

Seks parti går mot tilrådinga til Haugsdal, vil berga klasse i Årdal

Det går mot fleirtal for å berga industriteknologi-klassen ved Årdal vidaregåande skule.

Årdal: Det er klart etter at samarbeidspartia Sp, Ap, MDG, KrF, SV og V onsdag sende ut ei felles pressemelding.

– Dette har vore ei vanskeleg og krevjande sak, seier leiar Karianne Torvanger (Ap) i hovudutval for opplæring og kompetanse.

– No har me arbeidd oss saman til ei løysing me meiner ivaretek mange av innspela me har fått i saka, seier ho.

Skapte reaksjonar

Økonomien i Vestland fylke er pressa, og for å spara pengar har fylkesrådmann Haugsdal føreslått å legga ned ei rekkje klassar ved dei vidaregåande skulane.

Dette har naturleg nok ført til reaksjonar, og i Årdal har dei mellom anna starta ein underskriftskampanje for å hindra at klassen forsvinn.

Framlegget til samarbeidspartia går ut på å vidareføra fleire av klassane som var føreslått nedlagde, til saman 6,25 fleire grupper enn i tilrådinga. Det endelege talet blir justert i mars neste år, etter at søkartala er klare.

Til toppen