VESTLAND-ORDFØRAR: Jon Askeland frå Radøy i Hordaland.
VESTLAND-ORDFØRAR: Jon Askeland frå Radøy i Hordaland. (Foto: Hordaland fylkeskommune)

Seks parti samde om å dela makta – han blir fylkesordførar i Vestland

Senterpartiet får fylkesordføraren, medan Miljøpartiet Dei Grøne får varafylkesordføraren.

Leikanger: Jon Askeland blir ny fylkesordførar, og Natalia Golis frå MDG ny fylkesvaraordførar i Vestland.

Det skjer etter at heile seks parti fredag vart samde om ei felles politisk plattform. I tillegg til Senterpartiet og MDG, er Kristeleg Folkeparti, Arbeidarpartiet, Venstre og SV med i koalisjonen.

– Dette samarbeidet har eit solid rotfeste i eit sterkt sentrum, seier den nye fylkesordføraren.

Vinn vinn

Askeland seier det har vore viktig for valvinnar Senterpartiet å vera rause, slik at alle partia kjenner eigarskap til prosjektet.

– Saman skal me dra nytte av alle parti sine sterkaste sider, og alle har vunne gjennom med viktige saker, seier Askeland. 

Vestland Senterparti får ti representantar inn i det nye fylkestinget, blant dei dei to årdølene Aleksander Øren Heen og Hilde Horpen.

– Gruppa vår representerer alle delar av fylket, seier Øren Heen, som óg er gruppemedlem og blir medlem i fylkesutvalet.

Til toppen