BARKA IHOP: Seks personar barka saman i eit slagsmål i Sogndal sentrum i natt.
BARKA IHOP: Seks personar barka saman i eit slagsmål i Sogndal sentrum i natt. (Bilde: Illustrasjon)

Seks personar barka saman i masseslagsmål i Sogndal – èin trengde tilsyn av lege

Det gjekk hardt føre seg i saftbygda i natt.

Sogndal: Klokka halv to i natt vart det meldt om om slagsmål bak kjøpesenteret Amfi Sogningen i Sogndal sentrum. Seks personar var involverte i slåstkampen.

– Det var kun nevane som vart brukte, seier seier Dag Olav Sætre ved operasjonssentralen til Vest politidistrikt.

Då politiet kom til staden låg to personar i basketak på bakken. Èin av dei mistenkte hadde sprunge frå staden.

– Patruljen prøvde å søka etter vedkomande, utan å finna han. Det vart teke avhøyr av to personar, seier Sætre.

Operasjonsleiaren reknar med at politiet vil oppretta sak på hendinga, utan at det kjem klart fram av loggen.

Ein av dei fornærma vart lettare skada, og fekk tilsyn av ambulanse.

Til toppen