Seks personar evakuert etter brann

Seks personar evakuert etter brann

Måndag kveld braut det ut brann i eit leiligheitsbygg i Øvre Årdal.

Siste: 23.55 melder politiet at brannen er sløkt og at det vass og røykskadar inne i bygget.

Måndag kveld klokka 22.28 fekk politiet melding om at det byrja å brenne i ein bustad som inneheld fleire bueiningar i Øvstetunsvegen i Øvre Årdal. 

Det bur seks personar i bygget og alle er komne ut. 23.15 melder politiet at det ikkje er behov for legetilsyn på nokre av desse. Dette er eit tettbygd strøk og utrykninga var stor.

– Me kom før brannvesenet, og då hadde dei som var i huset kome seg ut. Då hadde dei ringt brannvesenet. Brannen spreidde seg, men no har det byrja å roa seg, fortel eit vitne på staden til Porten.no 15 minuttar etter brannen braut ut.

Brannvesenet og helsepersonell var då på staden, og rundt 22.50 var også politiet på plass. Brannen braut ut midt i bygget.

Politiet kan førebels ikkje seia noko om årsakene til brannen før dette er etterforska.

BRANN: Brannen braut ut midt i bygget.
BRANN: Brannen braut ut midt i bygget.

 

Til toppen