UVANLEG FANGST: Kontrollørane på Håbakken i Lærdal har sett det meste. Søndag fekk dei likevel ein fangst av dei sjeldne.
UVANLEG FANGST: Kontrollørane på Håbakken i Lærdal har sett det meste. Søndag fekk dei likevel ein fangst av dei sjeldne. (Bilde: Arkiv)

Seksten sjåførar frå Litauen var i Norge for å få opplæring av sjefen – så vart dei stogga i kontroll

Turoperatøren er no politimeld, medan sjåførane vart innlosjerte på hotell i Lærdal for natta.

Lærdal/Sogndal: Ein litauisk buss full av sjåførar på opplæring vart søndag stoppa i Lærdal under ein kontroll. Der viste det seg at alle seksten hadde brote reglane for køyre- og kviletid.

– Det var ein spesiell fangst, seier Torgeir Bang i Statens vegvesen.

Stor operatør på Vestlandet

Sjefen for selskapet har ingen han kan skulda på, for han var sjølv den som sørga for undervisninga. Reisefølget måtte overnatta på hotell i Lærdal, medan selskapet blir meld til politiet. 

– Det er ein stor turoperatur som køyrer mykje i Norge, særleg her på Vestlandet. Me kjenner dei frå før, seier Bang.

SKUFFA: Torgeir Bang i Statens vegvesen tykkjer det er bra at utanlandske sjåførar får opplæring før turistsesongen. Men då må dei følgja reglane, tykkjer han. Foto: Borgar Sagbakken/NRK

Opplæringa bestod i å køyra ein av dei faste rutene i Norge. Kvar sjåfør bytte på å sitta bak rattet i løpet av dagen. Seks og ein halv time var det lengste dei hadde kvila det siste døgnet. Det skal vera minimum 9 timar.

– Det er ikkje kvile når du er passasjer, seier Bang.

– Meir synd enn komisk

Han mistenker ikkje at lovbrotet var medvite, langt mindre ein del av opplæringa. Bang ser heller ikkje komikken i at ein sjef med seksten sjåførar på opplæring blir ferska i å ikkje kunna reglane.

– Eg synst det er meir synd enn komisk. Han prøvde å gjera noko bra, men så fekk han det ikkje til.

– Eg trur ikkje målet var å læra dei opp til å bryte lova, det skal me ikkje seia. Målet var nok å få det meste ut av tida dei hadde i Norge. Det er positivt at dei sørgar for å gje sjåførane opplæring, men det er synd at dei ikkje tek seg tid til å gjera det skikkeleg, seier Bang.

Sjåførane slapp unna

Vegvesenet valde å ta firmaet denne gongen, i staden for å melda alle sjåførane.

– Det synst dei var veldig greitt, og dei synst det var ei god opplæring at kontrolløren forklarte dei om regelverket. Sjefen skjønte at han hadde gjort ein feil, nokon han òg gav uttrykk for. Det var hans opplegg, så då valde me å politimelda firmaet, seier Bang.

– Kva straff kan firmaet venta seg?

– Det er det ein politijurist som avgjer. For oss er det viktigast å få poengtert at sånn skal det ikkje vera, seier Bang.

Til toppen