TRENG STØTTE: Neste søndag møter Taijo Teniste og co Tromsø til ein kamp som kan bli avgjerande i nedrykksstriden. Klubben gjer no alt for at det skal bli fulle tribuner til lagnadsoppgjeret.
TRENG STØTTE: Neste søndag møter Taijo Teniste og co Tromsø til ein kamp som kan bli avgjerande i nedrykksstriden. Klubben gjer no alt for at det skal bli fulle tribuner til lagnadsoppgjeret. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Sel billettar på billegsal for å fylla stadion

– Det kan bikka det til vår favør neste helg.

Sogndal: For Sogndal blir serieavslutninga ein kamp for å overleva.

Neste heimekamp er mot nedrykksrival Tromsø og i eit forsøk på å fylla stadion tilbyr difor klubben billettar til reduserte prisar: hundre kroner mot vanlegvis mellom 150 og 300.

FRIR TIL PUBLIKUM: Dagleg leiar Egil Mundal i Sogndal Fotball håper på fulle tribuner mot Tromsø.
FRIR TIL PUBLIKUM: Dagleg leiar Egil Mundal i Sogndal Fotball håper på fulle tribuner mot Tromsø. Foto: Arkiv

– God stemning på stadion er ekstremt viktig når me kjem til desse avgjerande kampane me får no. Det er noko me har merka har vore etterlyst frå supportarane og miljøet rundt, seier dagleg leiar Egil Mundal.

Sogndal Fotball har òg utfordra det lokale næringslivet til å kjøpa billettar til sine tilsette.

– Det handlar om å gjera folk merksame på at det er ein viktig kamp. Me ønskjer å få så mange publikum som mogleg på stadion, for det kan bikka det til vår favør neste helg, seier han. 

I fjor, den første sesongen etter opprykket, hadde dei eit snitt på 3143 per kamp. I år er talet 3187, omtrent det same.

Mot Sarpsborg sist var det berre 2500 betalande inn stadionportane. Ikkje katastrofetal, men litt skuffande med tanke på spaninga som burde følgja med ein nedrykkstrid.

No håpar Mundal at sogndølene veit å gje laget den støtta dei treng for å plukka dei naudsynte poenga. Og det startar allereie på søndag.

– Eg har klokkartru på Eirik, Even og teamet. Alle rundt oss er veldig opptekne av me skal greia jobben og me ønskjer sjølvsagt eliteserie til neste år òg, seier Mundal.

Til toppen