REKORDBIL: Aldri før har ein bil frå England blitt selt for ein høgare sum enn denne Jaguar D-type frå 1956. FOTO: RM Sotheby's.
REKORDBIL: Aldri før har ein bil frå England blitt selt for ein høgare sum enn denne Jaguar D-type frå 1956. FOTO: RM Sotheby's.

Selde bruktbilar for fleire milliardar på ei helg

Marknaden for klassiske bilar held seg sterkt. På ein auksjon i California gjekk nyleg fleire bilar for langt over 100 millionar kroner kvar.

Under arrangementet til RM Sotheby's i Monterey, California gjekk det unna med salet. Bilauksjonen omsette for totalt 973 millionar kroner gjennom dei to dagane det gjekk føre seg.

21 av dei 100 bilane som blei tilbode, gjekk for meir enn éin million dollar, og heilt øvst trona fleire prisrekordar.

– Årets Monterey-auksjon forsterka endå ein gong kjensla av at når ein tilbyr nokre av dei mest spesielle og unike bilane i verda, så kan alt skje og rekordar kan falle, seier Ian Kelleher, direktør i vestkystavdelinga til RM Sotheby's, i ei pressemelding.

Dyrast av dei alle blei ein Jaguar D-type frå 1956, den fekk ein ny eigar som betalte 180 millionar kroner. Bilen har historikken i orden, mellom anna vann den 24-timarsløpet på Le Mans i 1956. Bodrunden tok 15 minutt, og den blei den desidert dyraste britiske bilen seld på auksjon gjennom tidene. Rekorden låg før dette på rundt 120 millionar.

Artikkelen held fram under biletet.

11. PLASS: Ein Ferrari 250 GT LWB California Spider frå 1959 gjekk for ein sum som gjorde den til den 11. dyraste bilen selt på auksjon.
11. PLASS: Ein Ferrari 250 GT LWB California Spider frå 1959 gjekk for ein sum som gjorde den til den 11. dyraste bilen selt på auksjon.

Alfa-rekord

Auksjonarius køyrde også ein Alfa Romeo under hammaren, som sletta den gamle prisrekorden for køyretøy frå dette merket. 1939-modellen av Alfa Romeo 8C 2900B Lungo Touring Spider hadde eit opningsbod på 115 millionar, og det blei auka fire-fem millionar for kvart nye bod til det stoppa på 163 millionar. Det gjer bilen til den åttande dyraste som er seld på auksjon gjennom tidene, Jaguaren ligg elles på plassen før.

Før auksjonen var ni av dei ti dyraste bilane frå Ferrari, no er altså fire forskjellige merke representert.

Artikkelen held fram under biletet.

SKJØNNHEIT: Det blir også arrangert det som blir kalla Concours d'Elegance i Pebble Beach. Her blei ein Lancia Astura Pinin Farina Cabriolet frå 1936 kåra til den flottaste bilen.
SKJØNNHEIT: Det blir også arrangert det som blir kalla Concours d'Elegance i Pebble Beach. Her blei ein Lancia Astura Pinin Farina Cabriolet frå 1936 kåra til den flottaste bilen.

Ein Shelby Cobra, CSX 2000, den aller første som blei laga, gjekk for den høgste summen nokon har gitt for ein amerikansk bil, 113 millionar. Bilen har vore i eige til grunnleggjar Carroll Shelby og i hans familie etter hans død.

Runda éin milliard

RM Sotheby's var langt frå dei einaste som oppnådde svimlande summar i samband med arrangementet i Monterey. Gooding & Company omsette for endå meir, dei runda éin milliard. Høgdepunktet deira var ein Ferrari 250 GT LWB California Spider frå 1959 som gjekk for 150 millionar kroner, noko som gjer den til den 11. dyraste bilen gjennom tidene. Også ein annan Ferrari, ein 250 GT SWB Berlinetta Competizione frå 1960, skiftet eigar for meir enn 100 millionar då hammaren fell på sluttsummen 111 millionar.

– Å runde éin milliard på berre to dagar er utruleg, og fortel noko om den framifrå lista i år, seier David Gooding, president i Gooding & Company, i ei melding.

Artikkelen held fram under biletet.

NYARE DATO: Sjølv så å seie nye bilar kan auke sin verdi, ikkje minst om det er ein Ferrari som er bygd i eit avgrensa opplag, slik som LaFerrari.
NYARE DATO: Sjølv så å seie nye bilar kan auke sin verdi, ikkje minst om det er ein Ferrari som er bygd i eit avgrensa opplag, slik som LaFerrari.

Nyare bilar

Elles viste arrangementa i Monterey at nesten heilt nye Ferrari-modellar også kan vere ei investering med god avkastning.

To forskjellige LaFerrari, som blei laga i eit avgrensa opplag på 499 bilar frå 2013 til 2015, mangedobla sin opphavlege verdi. Då dei var nye, var prisen rundt 14 millionar kroner. På auksjonen til Mecum blei det selt ein 2014-modell for 42 millionar, medan ein annan frå same år gjekk for 30 millionar hos Bonhams. Hos førstnemnde blei det deira dyraste sal, medan det berre var ein Bugatti frå 1931 som så vidt blei meir kostbar hos Bonhams. (©NPK)

Til toppen