GRÜNDER: Rolf Jerving er ein av fem gründerar bak selskapet Drofus, som denne veka vart seld for 220 millionar kroner. Foto: Mikaela Berg/Dagens Næringsliv.
GRÜNDER: Rolf Jerving er ein av fem gründerar bak selskapet Drofus, som denne veka vart seld for 220 millionar kroner. Foto: Mikaela Berg/Dagens Næringsliv.

Selde byggherreverktøy for 220 millionar kroner

Rolf Jerving frå Lærdal og kollegaene tener 220 millionar kroner på salet av ei programvare det ikkje finst makan til.

Oslo/Lærdal: Jerving eigde 24 prosent av programvareselskapet Drofus, som denne veka vart seld til tyske Nemetschek for 220 millionar kroner. Det var Dagens Næringsliv som først omtalte salet. 

Programvara er utvikla frå botnen av, basert på kunnskap i firmaet knytt til planlegging av komplekse bygg. Planleggingsverktøyet er blitt godt motteke i byggebransjen.

– Kunden vår er byggeindustrien over heile verda. Det vil seie at kundane er både byggherre, entreprenørar, arkitektar og ingeniørar. Alle kan bruka det til sitt behov og saman som samhandlingsverktøy, forklarar Jerving til porten.no.

Betre arbeidsprosess

Han er ein av fem gründerar som står bak selskapet. Programvara skal bidra til å betre ein dårleg fungerande arbeidsprosess.

– Det er ofte slik innovasjon fungerer innanfor alle sektorar. Ein forenklar og betrar arbeidsprosessar ved hjelp av teknologi. I alle land er det mykje bruk av Excel og sepparate datakjelder. Å ha ei sentral kjelde for byggeprosjekt høyrest kanskje innlysande ut, men det viser seg at det er mykje å gå på for å få ein effektiv byggjebransje.

Han skildrar dette som eit av mange naudsynte tiltak for å effektivisere byggebransjen. 

Vert nytta over heile verda

Jerving eigde som nemnt 24 prosent av selskpapet, det same som Tor-Erik Halvorsen og Arild Johansen, medan Åsmund Kveim Lie og Håkon Hagen Clausen eigde 14 prosent kvar. 

Dei tre førstnemnde har jobba saman sidan 1991, og rundt 2000 byrja dei så smått å utvikle programvare. Dette var lenge eit biprodukt ved sidan av konsulentfirmaet før dei skjønte at dette var noko det var stor mangel på, ikkje berre i Noreg, men i andre land også. 

– I 2011 gjekk eg over frå å leia konsulentfirmaet til å satse berre på dette. Sidan har det berre gått éin veg. 

Den internasjonale veksten skaut fart i 2012 då Jerving flytta til New York, skriv Dagens Næringsliv. 

Programvara vert no nytta i fleire av verdas største byggeprosjekt, mellom anna i ei utbygging av ein flyplass og eit sjukehus i Saudi-Arabia.

Til toppen