LITE FOLK: Dagen etter at støvet har lagt seg i Meiriparken tel festivalleiinga opp at det har blitt seld færre billettar enn dei hadde rekna med til årets festival.
LITE FOLK: Dagen etter at støvet har lagt seg i Meiriparken tel festivalleiinga opp at det har blitt seld færre billettar enn dei hadde rekna med til årets festival. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Selde færre billettar enn venta: – Me er ikkje nøgde

– Me må vurdera kva me skal gjera med Målrock framover, seier festivalsjefen.

Årdal: Musikalsk har årets Målrock vore upåklageleg. Artistane har levert god kvalitet, og gjennomføringa av festivalen har gått som planlagt, fortel Thomas Norheim Moen.

Men når det gjeld publikumstala, er han ikkje nøgd. For første gong var torsdag den beste dagen. 1500 var innom Meiriparken denne kvelden. Fredag var det berre 1300 innom og laurdag fann 1400 publikummarar vegen til festivalen.

GREP: Festivalsjef Thomas Norheim Moen seier dei må vurdere kva dei skal gjera vidare med Målrock.
GREP: Festivalsjef Thomas Norheim Moen seier dei må vurdere kva dei skal gjera vidare med Målrock. Foto: Halvor Farsund Storvik

– I utgangspunktet er me ikkje nøgd med det, seier festivalsjef Thomas Norheim Moen.

Vurderer framtida til festivalen

Sjølv om han tykkjer det er positivt at såpass mange møtte opp torsdag, er det fredag og laurdag dei tenar mest pengar. Slik vart det ikkje i år.

– Me må setja oss ned og vurdera kva me skal gjera med Målrock framover, seier han.

– Kva ligg i det?

– Først og fremst må me finna ut om me har moglegheit til å stabla Målrock på føtene i 2018. Har me moglegheit til det, så må me deretter finna ut av rammene. Noko må me gjera når me ikkje får folk til å møta.

GOD STEMNING: Trass litt færre publikummarar enn venta var det god stemning då Strupetakarane song Aordøl.
GOD STEMNING: Trass litt færre publikummarar enn venta var det god stemning då Strupetakarane song Aordøl. Foto: Truls Grane Sylvarnes 

Selde færre billettar enn rekna med

Kjende ansikt som mellom andre Gabrielle, Dagny, Janove, Thomas Dybdahl og Sondre Lerche stod på scena fredag og laurdag. Likevel vart det seld færre billettar enn festivalleiinga hadde budsjettert med. Med summane det er snakk om her, kan det altså få følgjer for framtida til festivalen, som går av stabelen kvart år i Meiriparken på Årdalstangen.

– Kva trur de er årsaka – lite attraktive artistar, dårleg vêr, dårleg marknadsføring?

– Det kan vera ein kombinasjon av alt. Artistane kan ikkje treffa alle, og vêret har ikkje vore på vår sida. Det har det ikkje vore dei siste åra diverre. Det er nok dei som ikkje bryr seg om musikken og berre ser på vêrmeldingane, svarar Norheim Moen.

Trass dei litt trasige publikumstala, har heile opplegget gått som planlagt, der fleire hundre frivillige har stilt opp for å bidra. Festivalsjefen takkar alle som har bidrege, ikkje minst dei av publikummarane som møter opp frå tidleg kveld til seint på natt. 

Til toppen