SLUTT: Reidar Offerdal og kona ønskjer å selja sportsbutikken på Årdalssenteret.
SLUTT: Reidar Offerdal og kona ønskjer å selja sportsbutikken på Årdalssenteret.

Sel sportsbutikken: – Me kan ikkje gå her til det kjem mose på oss

Reidar Offerdal har drive Sportshuset i Årdal sidan 1985. No meiner han det er på tide at yngre krefter tek over.

Årdal: Reidar Offerdal og kona Marit Henny Offerdal ynskjer å selga sportsbutikken dei eig i første etasje av Årdalsenteret.

SLUTT: Reidar Offerdal og kona ønskjer å selja sportsbutikken på Årdalssenteret. Bilde: Truls Grane Sylvarnes

– Me er ute etter yngre krefter som er villige til å sjå på butikkdrift som ein livsstil. Då kjem dette til å gå veldig bra. For den rette personen vil det å driva sportsbutikk gå veldig godt, seier Offerdal.

Ei tid for alt

Offerdal seier dei tek sikte på å driva butikken fram til sommarferien, kanskje óg ut året. Salet kjem som ein konsekvens av at ungane deira ikkje har lyst til å overta.

– Me kan ikkje gå her til det kjem mose på oss, heller. Her må du vera ung og følgja med. Me merkar det på klede, seier Offerdal.

Inntil vidare vil dei derimot halda fram med skobutikken og barnebutikken i andreetasje på senteret. 

– Det kan óg henda at skjer noko med dei butikkane, at me slår ned ein vegg eller noko, for å knyta dei meir i hop, seier Offerdal.

Til toppen