Selma (11) har autografane til Real Madrid

Selma (11) har autografane til Real Madrid

11-åringen i Øvre Årdal er fotballpatriot til sin hals, og har no i hende noko som både ho mange andre tykkjer er meir verdt enn gull.  22 autografar frå Real Madrid, blant anna med namn som Martin Ødegård, Toni Kroos, Gareth Bale, James Rodriguez og Luka Modric. 

Selma Moen Eminovic bur i Øvre Årdal, og sin unge alder til trass, har ho lenge vore ein ihuga fotballfan.  For tida er ho høgt oppe i skyene. Kanskje ikkje så rart? Ho har fått Real Madrid sitt fotballag til å skriva autografane sine på eit flagg som skulle vera hennar til ode og eige.

Real Madrid verdas beste lag

Det var søndag 9. august at Vålerenga og Real Madrid møttes på Ullevål Stadion.

- Spanske Real Madrid er verdas beste lag, og eg hadde lyst til å sjå den kampen! Eg visste akkurat når billettane til kampen vart lagt ut for sal på nettet, men me var bittelitt for seint ute, seier ho.

Det skulle berre gå 30. minuttar før 27.000 billettar  var selde unna. 

- Eg var desperat, og eg prøvde og prøvde både på nett og gjennom kjentsfolk, men nei, eg hadde ikkje sjanse til å få tak i billettar.

Prøvde desperat å få tak i billettar

11-åringen tok også ein telefon til onkel Nermin Eminovic som bur i Oslo, og fortalde gråtkvald korleis stoda var.

- Han skjønte korleis eg hadde det, og lova å prøva så godt han kunne å hjelpa. Han prøvde på harde livet han òg, skjønnar du, men han fekk ikkje tak i han heller. 

Då skjønte Selma at alt håp var ute, vart veldig lei seg, men prøvde så godt ho kunne å innfinna seg positivt med at ho måtte sjå kampen på TV.

 

11-åringen nyter synet av Real Madrid-flagget sitt

Fotballtilhengaren spelar fotball på I.L Jotun, og nyter flagget med Real Madrid -autografar kvar einaste dag i heimen sin.

 

Ei overraskande vending

Seint laurdag ringte telefonen.

- Og trur du ikkje det var han onkel Nermin som ringte og sa han hadde fått tak i fire billettar til kampen neste dag?? Det var fire seter attmed kvarandre, og nesten heilt framme. Da vart eg glad da! 

Selma forklarar at onkelen er dagleg leiar for ein Audi-forretning i hovedstaden, og det skulle syna seg at Audi var ein av hovudsponsorane denne kampen. Såleis hadde han endeleg klart å skaffa billettar heilt på tampen.

- Pappa og eg heiv oss i bilen grytidleg søndag morgon for å rekka kampen. Me møtte onkel på Ullevål, og han sa at den eine billetten var ein slik VIP-billett. Den ville han gje til bestekompisen sin som også var med, men på ein betingelse, og det var at han skaffa meg eit Real Madrid-flagg med alle 22 autografane på.

 

Gleda var stor

- Og tenk! Eg fekk det! Ikkje så lenge etter kampen! Eg er altså SÅ glad! Eg vil ramma det inn, og henga det på rommet mitt. Og du? Eg har no nett vore inne og sjekka på nettet da veit du, for å sjå om det er verdt noko. Berre for moro skuld. Ein plass stod det at ein person ville kjøpa eit sånt eit for 30.000 kroner. 

Men den unge fotballsupportaren har uansett absolutt ingen planar å selga det. 

- Men kva tykte du om sjølve kampen da?

-  Det var kjempemoro å sjå på, sjølv om den enda 0-0. Litt dumt sjølvsagt at ikkje Christiano Ronaldo var med, men det var ikkje så veldig nøye altså. For det er nemleg Gareth Bale som er mitt største forbilde. Og litt Martin Ødegård sjølvsagt.

 

Selma peikar på autografen til Martin Ødegård

- Sjå her! Her er Martin Ødegård sin autograf, peikar ho stolt. 

Fotballjenta har gjort jenterommet sitt om til eit fotballfan-rom, dominert av Tottetham

11-åringen prydar rommet sitt med fotball-plakatar og alskens fotballsaker ho kjem over. Tottenham har ei høg stjerne når det gjeld engelske lag. I Noreg er det Vålerenga ho held med. I Spania er det Real Madrid, fortel ho.

Til toppen